Hjem
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap

Førstekonsulent på NAV Kontaktsenter

Hanna Fløysvik gjekk ut med ein mastergrad i administrasjon og organisasjonsvitskap frå Instituttet i 2011. Ho starta i sin noverande jobb same dag som ho leverte inn oppgåva si.

... Adm.org. gir ein unik forståing av korleis organisasjonar fungerer.

Kva skreiv du masteroppgåve om?

Eg skreiv om korleis religiøse organisasjonar prøvar å påverke og bli involvert i politiske saker. Dette var med fokus på "Proposition8"-saka i USA i 2008 (Homofili-sak).

Kvifor bør nye søkjarar velje administrasjon og organisasjonsvitenskap?

Det gir ein unik forståing av korleis organisasjonar fungerer, noko som blir veldig interessant og fascinerande når ein seinare jobbar i ein organisasjon eller bedrift.

Kva jobbar du med?

Eg rettleiar kundar på "Foreldrepengar" (NAV) både via telefon, facebook og chat.

Kva er det beste med jobben, og kva er mest utfordrande?

Det mest interessante er lovverket, då dette er svært komplekst. Du må derfor alltid vere konsentrert og holde tunga beint i munnen når du svarer kundar på spørsmåla deira knytt til foreldrepengar.

Det mest utfordrande er å klare å nullstilla seg før kvar telefon, då ein gjerne er litt trøytt eller har hatt ein krevjande brukar på telefonen før.

Kva var din første jobb etter du var ferdig med utdanninga di? Korleis opplevde du overgangen frå studiane til arbeidslivet?

Min første jobb er min noverande jobb: Rettleiar (førstekonsulent) på NAV Kontaktsenter Hordaland.

Eg starta same dagen som eg leverte inn masteroppgåva, og det gjekk veldig fint. Her fekk me opplæring i ein månad, så der var eg veldig heldig. Me var 15 stykk som starta samtidig, der fleire av oss var nyutdanna.

Har du nokon tips til ferske studentar som tenkjer på jobbmoglegheiter etter studiar?

Søk tidleg og søk gjerne på eit vikariat. Dei fleste jobbmoglegheitane i staten er vikariat til å byrja med.