Hjem
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap

Rådgjevar i Difi

Erlend Husabø avla si mastergrad i administrasjon og organisasjonsvitskap våren 2013 og arbeider i dag som rådgjevar i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

Folk bør søkje adm.org fordi det gir ein breidde i kunnskapen.

Kvifor valde du å studere administrasjon og organisasjonsvitskap ved UiB?

Det som tiltala med med adm.org var den store breidda i kunnskap, gjennom kombinasjon av politikk, forvaltning og organisasjon. Forholdet mellom og inne i fagområda er spennande tema som eg ønskte å læra meir om. 

Kva skreiv du masteroppgåve om?

Eg skreiv masteroppgåve om samfunnssikkerhet og beredskap, med stormen "Dagmar" som case, der fokuset var å sjå på krisehandtering ut i frå eit fleirnivåperspektiv.

Var temaet du valde relevant for jobben du har no?

Temaet har ikkje direkte relevans for min noverande jobb, men prosessen og læringa i arbeiet med masteroppgåva er gull verd i jobben eg har. Eg tenkjer då særleg i høve til å setje seg godt inni ei sak, bruke dei rette arbeidsmetodane, vera strukturert og levere eit produkt innan ei gitt tid. Eg fekk ein god ballast som er verdfull i mitt arbeid i direktoratet.

Hadde du relevant arbeid, eller deltok du i relevante aktivitetar i studietida? 

Eg var seminarleiar ved UiB. Dette var særs lærerikt og nyttig. Det å stå føre ei gruppe menneskje og presentere ting på ein fornuftig måte er veldig relevant for jobben eg har i dag.

Kvifor bør nye søkjarar velje administrasjon og organisasjonsvitskap?

Folk bør søkje administrasjon og organisasjonsvitenskap fordi det gir ein breidde i kunnskapen. Du lærer mykje om mykje, og det gir føresetnader for å tolke og forstå mange av dei prosessane som skjer til dømes i offentleg forvaltning. I tilegg møter du veldig mange forskjellige og spennande menneskjer, med ulik bakgrunn og erfaring.

Kva arbeider du med?

Avdelinga eg arbeider i har eit spesielt ansvar for oppfølging, utvikling og drift av nasjonale IT-tenester, som mellom anna ID-porten, MinID og sikker digital postkasse for innbyggarar. 

Eg arbeider i seksjonen for tenesteoppfølging og me har ansvar for oppfølging av over 300 offentlege verksemder som nyttar dei nasjonale felleskomponentane me forvaltar. Eg arbeider særleg med oppfølging av leverandørar og offentlege samarbeidspartnarar, informasjon- og formidlingsarbeid, rapportering og ein del prosjektarbeid for vidareutvikling av tenester.

Dette gir ein variert kvardag, med ulike arbeidsoppgåver, samt at det gir eit flott høve til å treffe og samarbeide med mange offentlege verksemder.

Kva er det beste med jobben, og kva er mest utfordrande?

Direktoratet for forvaltning og IKT er ei veldig sterk kompetanseverksemd. Den store breidda i arbeidsoppgåvene gjer at det er tilsette med ulik bakgrunn og utdanning, noko som sikrar ein breidde i kunnskap. I tillegg er det sosiale miljøet i Difi veldig bra, og me har eige idrettslag, treningsrom samt høve til å trene i arbeidstida.

Kva var din første jobb etter endt utdanning, og korleis opplevde du overgangen til arbeidslivet?

Den første jobben etter endt utdanning var eit engasjement i tilnærma same jobb som eg no har. Etter 6 månadar i jobben blei den lyst ut som fast stilling, og denne starta eg i medio juni 2014.

Har du nokre tips til ferske studentar som tenkjer på arbeidsmulighetene etter studia?

Ikkje ver beskjeden! Ein grad i adm.org gir deg ei allsidig og god utdanning. Vis fram kunnskapen og kompetansen du har. Arbeidserfaring er viktig, så ikkje ver redd for å kaste deg inn i eit engasjement eller vikariat. Det er ofte snarvegen til fast stilling.