Hjem
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap
Nyhet

Per Lægreid med kapittel i The Oxford Handbook of Classics in Public Policy and Administration.

Per Lægreid har bidrege med eit kapittel i The Oxford Handbook of Classics in Public Policy and Administration.

Bilde av bokens forside
Foto/ill.:
OUP Oxford

Forlaget skildrar boka som ei handbok der ei samling av leiande internasjonale forfattarar reflekterer over påverknaden sentrale bidrag eller klassikarar har hatt for på utforminga og utviklinga av feltet offentleg politikk og administrasjon. Handboka tar føre seg eit breidt spekter av bidrag på feltet, men med fokus på klasikkarar som medverka vesentleg til feltet i løpet andre  halvedel av det 20. århundret.

Kvar klassikar vert diskutert av leiande forskarar som tilbyr lesaren unik innsikt i korleis enkelte klassikarar vart motteke i den vitskapelege debatten og disiplinen, korleis klassikarar har forma og utvikla forskningsagendaen og ikkje minst korleis enkelte klassikarar fortset å forme moderne vitskapelege debattar.

Per Lægreid har skrive om Christopher Hood  sin klassikar "A Public Management for All Seasons?" Du kan lese meir her.

Boka er særleg å tilråde til studentar av offentleg politikk og administrasjon.