Hjem
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap
Nyhet

Ny bok: Spadestikk i Samfunnsfagdidaktikken

Ei ny bok om samfunnsfagdidaktikken er no ute. Boka rettar seg mot lærarstudentar og andre som er opptekne av korleis samfunnsfagforståing kan formidlast til unge menneske.

Bilete av framsida på boka

Professor Kjetil Børhaug ved Institutt for Administrasjon og organisasjonsvitskap har vore redaktør for boka saman med Odd Ragnar Hunnes ved Høgskulen i Volda og Åshild Samnøy ved NLA Høgskolen. Boka er sett saman av ulike bidrag frå ei rekkje forfattarar.

Frå Institutt for Administrasjon og organisasjonsvitskap har også Universitetslektor Mona Langø skrive eit kapittel; "Å drøfte i samfunnskunnskap".

Boka tek opp tema som demokratisk danning, biletet av «dei andre», drøfting, å undervise verdiar og haldningar, progresjon i samfunnskunnskap, kartlære og lokalsamfunn som fagleg og pedagogisk ressurs.

Boka er tenkt for lærarstudentar i samfunnsfag, for lærarar i skulen og for andre med interesse for korleis samfunnsforståing kan formidlast til unge menneske. Ho gir ikkje elementærinnføring i samfunnsfagdidaktikk, men studerer utvalde fordjupingstema i det samfunnsfagdidaktiske feltet.

 

Ein kan lese meir om boka her.