Hjem

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

Panelsamtale

Kva er det med Saudi Arabia?

Kva er det med Saudi Arabia? Drapet på den regimekritiske journalisten Jamal Khashoggi har reist internasjonal fordømming mot Saudi Arabia. I kjølvatnet av drapet har kritikken mot landet auka. Er det noko som kan utfordra kongefamiliens makt? Panelsamtale med Knut Vikør (UiB), Anne Bang (UiB) og Magnus Halsnes (UiB)

Plakat
Foto:
Bergen Resource Centre

Kontrastane er tilsynelatande mange i dette landet: På den eine sida er det ein velståande oljeøkonomi, ein strategisk alliert med USA og medlem i både G-20 og FNs menneskerettsråd. Samtidig er landet eit eineveldig monarki med ein svært konservativ form for islam.

Statstyret er stadig skulda for alvorlege menneskerettsbrot. Landet har ekstraordinært høge militærutgifter og det er ein av verdas største våpenimportørar, med hendene inn i fleire regionale konflikter - ikkje minst Jemen. Ei spenning mellom det tradisjonelle og det moderne pregar landet.

Korleis kan landets historiske utvikling hjelpe oss til å forstå dette komplekse landet i dag? Kva rolle spelar Saudi Arabia i regionen? Og kva veg går Saudi Arabia framover?

Arrangementet er gratis og ope for alle!