Hjem

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

Formidlingsprisen 2012

Inspirerande og provoserande prisvinnar

Dag Øistein Endsjø fekk torsdag 31. januar Det humanistiske fakultet sin formidlingspris for 2012.

Portrettfoto
Foto:
Magnus Halsnes

Det er andre gong formidlingsprisen blir delt ut, og det er andre gong den går til nokon ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR).

– Formidlingsprisen er ein pris som heng høgt, sjølv om den er ung. Det var veldig mange gode kandidatar og vi har funne ein verdig vinnar, uttalte dekan Gjert Kristoffersen før han avslørte prisvinnaren.

Dag Øistein Endsjø er professor i religionsvitskap, og han forskar på ei rekkje tema med religion som utgangspunkt for eit fokus på mellom anna kjønn, sex, populærkultur og menneskerettar.

Ifølgje statuttane til prisen skal den gå til nokon som har gjort ein ekstraordinær innsats for å formidle forskingsresultat og samstundes vist kva dette har å seie for samfunnet, og ifølgje prodekan Lillian J. Helle var Endsjø ikkje eit vanskeleg val for formidlingsprisen 2012. Endsjø er ein aktiv samfunnsdebattant som med kronikkar og meiningar har skapt og tatt del i fleire debattar i media.

– Det er både inspirerande og provoserande å lese det du skriv, sa Helle til prisvinnaren.

I ein artikkel i På Høyden fortel Endsjø at ein som forskar er privilegert som får lov å jobbe med det ein tykkjer er spanande og interessant, og legg til at formidling for han er ein stor og viktig del av det å vere vitskapleg tilsett.

Oppsiktsvekkjande titlar

Det er alle former for formidling som er vurdert i samband med prisen og dekanen trakk spesielt fram titlane på bøkene til Endsjø:

– Titlane dine er gode titlar vekkjer oppsikt og som oppsummerer innhaldet kort og konsist. Eg kan kort nemne Sex og religion – Fra jomfruball til hellig homosex, Det folk vil ha – Religion og populærkultur og Lei av kjønn – Nær-kjønn-opplevelser og andre beretninger fra virkeligheten. Det at den første er omsett til fleire andre språk vitnar òg om kvaliteten.

Formidlingsprisen er på 25 000 norske kroner, som prisvinnaren skal bruke på tiltak til vidare formidling slik han sjølv ynskjer. Dekanen påpeikte òg at prisvinnaren må skrive ein kort rapport om bruken av prismidlane.

Produktivt institutt

Førre og første gong prisen var delt ut, gjekk den til Bente Gullveig Alver, ved same institutt, og prodekanen gratulerte instituttet med endå ein prisvinnar. Sjølv påpeikte ein audmjuk Dag Endsjø at det ikkje berre var han som produserte bøker ved instituttet:

– Det renn jo ut!