Hjem
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
Torsdagslunsj

Tryggleik og terror: Torsdagslunsj om München 1972

Den fyrste torsdagslunsjen dette semesteret vart heldt av instituttleiar Christhard Hoffmann 30. august.

Hovedinnhold

Dei siste åra har det vorte arrangert torsdagslunsj på AHKR kvart semester. Tradisjonen held fram dette haustsemesteret, og fyrst ute var instituttleiar Christhard Hoffmann, som snakka om OL i München 1972, nasjonal framstilling og tryggleikssvikt i samband med terroraksjonen. Hoffmann var sjølv til stade under leikane som politimann, og under innleiinga si nemnde han at det var spanande å snakke om temaet både som historikar og som tidsvitne.

Vertsnasjonane nyttar som regel dei olympiske leikane til å vise seg fram, og dette gjaldt òg OL i München, om enn med ein ny vri. Arrangørane ynskte, i følgje Hoffmann, å vise fram det nye og moderne Vest-Tyskland, og OL i 1972 såg difor heilt annleis ut enn OL i Berlin i 1936. Ein tok avstand frå massemønstringsestetikken gjennom «leikande improvisasjon» med eit antiautoritært preg samstundes som ein prøvde å unngå eit fokus på nasjonalisme. OL-stadion var mellom anna bygd inn i naturen og OL-fargane var fargar ein ikkje fann att i nasjonale flagg. Dette skulle vere «dei muntre leikane».

Dette var òg noko som prega tryggleiksopplegget kring leikane, der ein fokuserte på avspenning og deeskalering framfor konfrontasjon. I staden for væpna politi i uniform, hadde ein sokalla uvæpna Olys, som var kledde i venlege lyseblå uniformer, og det var som Olys Hoffmann sjølv arbeidde under leikane.

Det vart gjort fleire risikovurderingar i forkant av leikane, mellom anna ei vurdering som låg urovekkande nær det som hendte, men desse vart sett på som altfor dystre og skrapa til fordel for meir «muntre scenario». Hoffmann fortalde at ein satsa på at alt kom til å gå bra, noko det gjorde heilt fram til 5. september, då palestinske terroristar tok israelske idrettsutøvarar som gissel. Terroraksjonen enda til slutt med 17 drepne, inkludert alle gisla, dei fleste då vesttysk politi prøvde redde dei.

I kjølvatnet av terroraksjonen viste det seg klåre planleggingsfeil i forkant av leikane og at arrangørane ikkje var førebudde i det heile. Trass i at det var ein fullstendig katastrofe, vart det aldri nedsett ein granskingskommisjon, og den einaste analysen var ein liten rapport skriven av politiet sjølv. I følgje Hoffmann var det få grunnar til å sjå bort frå dei verste risikovurderingane, spesielt sett i lys av Vest-Tyskland si erfaring med venstreradikale terrorgrupper. Arrangørane hadde gambla med tryggleiken for å promotere at ein var annleis enn i 1936.

--

Neste torsdagslunsj er 13. september kl 12.00, og då skal stipendiat Knut Melvær sjå nærmare på om gudstru kan målast.