Hjem
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
Konferanse

Mangfald og utvikling

Forskarar var samla i Bergen i byrjinga av september for å diskutere mangfaldet i asiatisk utvikling.

Hovedinnhold

Mangfaldet var stort då konferansen The Great Diversity: Trajectories of Asian Development vart heldt i Bergen 6. og 7. september.

Det var ei stor spennvidde i tema og deltakarar, men alle som deltok er aktive forskarar innan ein asiatisk kontekst, ph.d.-kandidatar til professorar. Hovudfokuset til konferansen var å sjå nærmare på den historiske og noverande utviklinga til Asia samansett av ei rekkje undertema, og på to dagar var ein innom alt frå ressurs, energi og miljø, til politikk, religion og historie. Frå AHKR deltok mellom anna Olga Medvedeva, Michael Hertzberg (CMI), Karina Hestad Skeie (NLA) og Camilla Brautaset.

Konferansen var eit samarrangement mellom forskingsprosjektet Merchants and Missionaries ved AHKR, Senter for vitskapsteori, Forskningsadministrativ avdeling og Universitetet i Leeds. Ei anna målsetting var difor å skape ein diskusjonsarena på tvers av institusjonelle og faglege grenser, noko arrangørane meiner dei lukkast med. Samstundes ynskjer ein på lengre sikt å etablere eit tettare samarbeid mellom fagmiljøa til Bergen og Leeds når det gjeld Asia-forsking. Båe universiteta er medlemer i nettverket World Universities Network (WUN).

I etterkant av konferansen er det planlagd å utgje ein antologi med utgangspunkt i eit utval av arbeida som vart presenterte på konferansen. Boka fokuserer på fem tema og blir redigert av professor Chris Dent frå Universitetet i Leeds og Camilla Brautaset ved AHKR.