Hjem
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
phd-portrett

Mellom bønder og embetsmenn i Vågå: eit portrettintervju med Mette Vårdal

Mette Vårdal skriv om sosiale relasjonar mellom embetsmenn, bønder og husmenn i Vågå, 1745–1844, og deltok nyleg på Forskar Grand Prix i Bergen.

Hovedinnhold

Mette Vårdal er stipendiat ved Høgskulen i Volda og ph.d.-kandidat ved AHKR, og skriv om sosiale relasjonar mellom embetsmenn, bønder og husmenn i Vågå mellom 1745 og 1844. Prosjektet er ein del av høgskuleprosjektet Kulturperspektiv på møte mellom embetsmenn og bønder ved historisk institutt i Volda, som vil bli avslutta i 2013.


– Eg har konsentrert meg om eit lite miljø og med ei mikrohistorisk tilnærming ynskjer eg å nyansere den etablerte oppfatninga om at det norske samfunnet på den tida var eit samfunn delt mellom ein embetsmannkultur og ein bondekultur. Med ei breiare forståing og alternative tolkingsrammer vil det vere mogleg å få fram fleire nyansar i historia.


Prosjektet handlar ikkje om å finne typiske handlingsmønster, men om å sjå på kva moglegheiter folk faktisk hadde. Det var mange og samansette sosiale relasjonar på tvers av standsskilnadane. Trass i at utgangspunktet til Mette var embetsmenn og bønder, har ho òg sett nærmare på husmennene, som etter kvart har blitt særs sentrale.


– Dei hadde få ressursar, men heller ingen forventingar om å ta eit embete eller ta over ein gard. Det var eit vanskeleg liv for dei fleste, med låg inntekt og dårlege kår frå husmannsplassen. Nokre satsa likevel på talentet og vitet sitt og såg andre framtidsmoglegheiter, og desse husmennene er ofte sett på som «ekstraordinære» og utanom det vanlege. Sjølv om dette ikkje var den typiske husmannshistoria, var dei som valde denne vegen ikkje berre enkeltståande tilfelle, men viktige aktørar i bygda.


Prosjektet omhandlar perioden mellom 1700- og 1800-talet, og utgjer saman med kulturskilnadar og -mangfald, ei hovudinteresse for Mette. Mastergraden hennar omhandla om lag same tema og periode, og då rettleiaren hennar tipsa ho om at høgskuleprosjektet i Volda søkte etter stipendiatar, slo ho til.


– Volda hadde fleire prosjekt med Nord-Gudbrandsdalen som område og sidan eg er busett i Vågå, var det naturleg for meg å sjå kva som var å finne av aktuelle kjelder her.


Det er likevel ikkje eit reint lokalhistorisk prosjekt, sjølv om Vågå er eit utgangspunkt. For Mette handlar det om finne strukturar og handlingsmønster som òg kan overførast til andre bygder.

Private brev og skjulte skattar

Kjeldene Mette nyttar seg av er i hovudsak private brev og brevsamlingar, etter både embetsmenn, bønder og husmenn frå Vågå.


– I mastergraden tok eg utgangspunkt i brevsamlinga til ei embetsmannsdotter på 1830-talet, og skreiv om kvinnene i familien og moglegheitene deira. Kjeldene, metoden, tidsperioden og tematikken var om lag dei same som eg no arbeider med i ph.d.-prosjektet mitt. Kjeldene har eg fått tilgang til gjennom Nordalsarkivet i Vågå og det har vist seg at eit lite lokalarkiv kan innehalde mange skjulte skattar.

Forskar Grand Prix 2012

Mette vart med på Forskar Grand Prix i Bergen i september etter at vener hadde oppfordra ho til det. Der har 10 forskarar fire minutt kvar til å legge fram forskinga si og engasjere både publikum og dommarar.


– Eg lærte mykje og eg føler eg har fått eit betre utgangspunkt for å arbeide vidare med ulike måtar å formidle eiga forsking på. Sjølve gjennomføringa i Grieghallen var berre hyggeleg og sjølv om eg ikkje gjekk vidare fekk eg gode tilbakemeldingar frå dommarane og folk i salen. Det er ein måte å presentere seg sjølv og arbeidet sitt, og eg vil tilråde andre å melde seg på.


Mette ynskjer å halde fram med forsking etter ph.d.-graden, men sidan ho bur i Vågå og ikkje har planar om å flytte påpeiker ho at ein må vere kreativ dersom ein skal få det til. Ho ser for seg å knyte seg til eit arkiv eller eit museum der ho kan halde fram noko forskingsverksemd, gjerne i kombinasjon med formidling.