Hjem
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

Formidlar migrasjon og kulturmøte

Ida Dyrkorn Heierland, master i arkeologi

Studietida mi har, i tillegg til å kvalifisere meg fagleg, gjort meg meir fleksibel i møte med folk som har andre synspunkt enn eg sjølv.

Arkeologen Ida Dyrkorn Heierland satsa på forskingsformidling og nettverksbygging i studietida.

Våren 2008 hadde eg avsluttande mastergradseksamen i arkeologi ved Universitetet i Bergen med avhandlinga Artifacts, Interests and Agencies – The Politics of Sudan Archaeology. August same året byrja eg i eit vikariat som formidlingsleiar ved Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Eg arbeidde i Florø i halvtanna år før eg drog attende til Bergen og byrja i jobben som avdelingsleiar ved Vestnorsk utvandringssenter på Radøy utanfor Bergen. I april i år har eg vore tre år i stillinga. 

Frå studietid til yrkesliv

Det er fleire tilhøve ved studietida ved Det humanistiske fakultet som har vore viktige for meg på vegen ut i yrkeslivet og som framleis er viktige.

For det første lærte eg å setje meg inn i andre sine tenkjemåtar, synspunkt og ståstader gjennom lesing av originaltekstar i kombinasjon med å studere arkeologisk materiale. Dette har, i tillegg til å kvalifisere meg fagleg, gjort meg meir fleksibel i møte med folk som har andre synspunkt enn eg sjølv. For det andre fekk eg ei solid formidlingserfaring – både gjennom eigne filmproduksjonar, planlegging og gjennomføring av studieturar, deltaking i forskingsprosjekt, webformidling og reportasjeskriving.

Eg fekk såleis god erfaring i utvikling, leiing og gjennomføring av prosjekt der formidling av eit fagfelt i ulike former har stått sentralt. Dette engasjementet forma i stor grad eit ønske om å arbeide vidare med formidling også etter studietida. Samstundes vart eg meir nyfiken på tilhøvet mellom artefaktar, interesser og aktørar som var arbeidsfeltet mitt under mastergraden.

Vi veit alle at kulturminne skaper tilhøyrsle og identitet og at mange aktørar med kryssande interesser ofte er aktive i striden om fortolking og forvaltning av desse kulturminna og kva for meiningsberande og identitetsbyggjande rolle dei skal ha. Interessa for korleis dette artar seg reint empirisk ute i lokalsamfunna var ei viktig drivkraft for å halde fram med formidlingsarbeid også etter studietida.

Om du er fersk student eller snart klar for yrkeslivet, her er nokre råd på vegen:

Start formidlingsarbeid i studietida

Øv deg på å bli god til å formidle fagfeltet ditt og til å stå framfor ei forsamling. Dette tek litt tid, så start med dette med det same du byrjar på studiet. Skriv tekstar til avisene, ta kontakt med journalistar, meld deg inn i studentforeiningar, freist å få ei formidlingsrolle på eit av forskingsprosjekta ved instituttet og skaff deg gjerne ein liten, men relevant jobb ved sida av studiet. Sjølv valde eg å arbeide med eigne dokumentarfilmprosjekt. Eg hadde kontakt med eit lite videoproduksjonsselskap som viste stor interesse for faget mitt. Eg hadde også gode erfaringar med å ta kontakt med næringslivet om økonomisk støtte i området der eg laga film.  

Bygg og bruk nettverk

Jobb strategisk med nettverksbygging – gjerne i fleire fagmiljø ved universitetet, og blant organisasjonar og foreiningar som arbeider innanfor interessefeltet ditt utanfor universitetet. Hugs at du også må gje, ikkje berre få, i slike nettverk. Ikkje vent med å reise på kurs, konferansar eller studieturar til dess du kjem på masternivå.  Det er der du lett kjem i kontakt med folk som kan vere nyttige å kjenne når du skal ut i yrkeslivet.

Vis kven du er og kva du vil

Det er stor kamp om stillingar i Bergensområdet for nyutdanna HF-arar. Til oss ved musea kjem det ofte svært mange søknadar på ei nyutlyst stilling. Eit tips for å bli synleg i søknadsbunken er å skaffe seg erfaring under studietida som går utover det å sitje på lesesalen og skrive ei masteroppgåve. I søknaden må du vise kven du er og ikkje minst fortelje oss kva du vil. Eg undrar meg noko over at det er få studentar som tek kontakt med oss utover det å sende inn søknad på utlyste stillingar. Musea skal vere aktive med å formidle det siste på forskingsfronten. Studentar frå universiteta sit på mykje interessant og god forsking som er av stor interesse for musea. Ei masteravhandling kan til dømes vere utgangspunkt for eit samarbeid om ei utstilling, ein publikasjon eller eit seminar.

Lukke til med ei spennande studietid og ikkje minst med tida etterpå!