Hjem
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

Eit medvite val

Silje Een de Amoriza, master i historie

Ein master i historie er ein flott inngangsport til yrkeslivet – men ein må ikkje vera redd for å utfordra dagens konvensjonar, og bruka faget til å gå nye og utradisjonelle vegar.

Sidan masteroppåva vart levert i 2009 har Silje etablert eiga verksemd innan formidling og forsking saman med ein tidlegare medstudent.


Historie er eit fag med stor spennvidde, og dermed også stor valfridom. Det opnar opp for ei unik forståing av dagens samfunn gjennom langsiktige perspektiv, og evne til å sjå hendingar og prosessar i spennet mellom fortid og notid. Den praktiske sida av faget gjer at ein vert god til å handsama store informasjonsmengder, utføra sjølvstendig og kritisk analyse, og å formidla komplekse teoriar og vitskapleg fundert kunnskap om fortid og notid. 


I masteroppgåva mi skreiv eg om rett til land og regimebygging i Paraguay dei siste 50 åra. Å kunne bruka eit heilt år på å studera og fordjupa meg i noko eg var så lidenskapleg interessert i, var eit privilegium. Det same var moglegheita for innspel frå engasjerte og dyktige medstudentar og rettleiarar ved instituttet.


Temaet for oppgåva har likevel i seg sjølv hatt lite å seie for vegen inn i arbeidslivet. Det var sjølve skrivinga og prosessen eg har hatt mest bruk for i etterkant. Det å arbeida under press, handsama store mengder kjelder, gjere viktige utval av material og setja ting i samanheng, og å fullføre eit større arbeid. For min del inkluderte også masterstudiet eit opphald i utlandet, der eg fekk oppleva ein ny kultur, møta nye menneske og ikkje minst byggja nettverk med andre historikarar og forskingsinstitusjonar.


Det er ikkje enkelt å koma seg inn på jobbmarknaden som nyutdanna historikar i Bergen. Å studera historie var frå dag éin eit medvite val frå mi side, eg har alltid vore fasinert av fortida sine mysterium. Samstundes var eg likevel klar på at eg etter avslutta studiar ikkje ynskte å velja mellom dei tradisjonelle historikar-yrka. Eg vart overraska over kor vanskeleg det var for potensielle arbeidsgjevarar i næringslivet å sjå kva eg var flink til, ettersom det var så tydeleg for meg sjølv kva eg kunne bidra med. På grunn av den breie og noko diffuse oppfatninga av kva faget inneheld, kan det vera vanskeleg for arbeidsgjevarar å sjå akkurat kva som er spesialkompetansen til ein historikar.


Heilt sidan masterstudiane var tanken om å starta eiga verksemd der. I byrjinga verka det rart, men det var ein tanke som modna og vart klarare etter kvart som tida gjekk. Møtet med den vanskelege arbeidsmarknaden, og motviljen mot å måtte flytta til Oslo for å få ein spanande jobb, gjorde at eg bestemte meg i lag med ein tidlegare medstudent for å skapa draumejobben på eiga hand. Det har vore ein til tider tung og utfordrande prosess, men også svært gjevande.


Det er lite hjelp å få som gründer frå humaniora. Sjølv om det frå fleire hald lenge har vore ytra at ein skal satse meir på forskingsbasert nyskaping, har det vore minimalt med både rettleiande, praktisk og økonomiske støtte å få som gründer. Etter over to år med hardt arbeid har me likevel i dag klart å skapa oss ei levedyktig verksemd – og ein utruleg spanande arbeidskvardag der eg får brukt heile spekteret av historieutdanninga mi.

Det bør i langt større grad enn i dag, frå fakultetet og instituttet si side, leggjast til rette for vegen inn i yrkeslivet. Ein må opplysa studentane om kva moglegheiter som fins, og korleis ein kan oppnå eigne mål. Historiestudentar må også sjølve ta medvitne val rundt kva ein vil bruka faget til, og jobba målretta for å nå dette. Ein master i historie er ein flott inngangsport til yrkeslivet – men ein må ikkje vera redd for å utfordra dagens konvensjonar, og bruka faget til å gå nye og utradisjonelle vegar. Ver tydeleg på eigen styrke og kompetanse både overfor deg sjølv og andre.