Hjem
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
Portrettintervju

Den nye sjefen

Jan Heiret drikk både kaffi og te og fortel om forventingane han har til jobben som ny leiar for Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR).

– Eg trur eg veit kva eg går til, fortel instituttleiar Jan Heiret.
Foto/ill.:
Magnus Halsnes

Kvifor ville du bli instituttleiar, og veit du kva du går til?

– Eg ville bli instituttleiar fordi AHKR er eit veldrive institutt med spennande fag, og fordi eg ynskjer å gjere instituttet endå betre.

– Eg trur eg veit kva eg går til. Eg kjenner universitetssystemet ganske godt og har følgd instituttleiinga gjennom fleire år og vore i instituttrådet og fakultetsstyret. Eg har ikkje gjort denne typen jobb før, men eg har vorte sett inn i rutinane og veit overordna sett kva det går i. Kva eg kjem til å stå overfor i kvardagen veit eg likevel ikkje heilt.

– Eg har tenkt å vidareføre dei fleste rutinane til Christhard Hoffmann, den førre instituttleiaren. Eg har sansen for måten han har vore sjef på, men eg trur eg er ein ganske tydeleg person og at folk då vil merke at dei har fått ein ny sjef.

 

Korleis ser du føre deg arbeidsdagane dine no framover?

– Mykje av arbeidsdagen går med til praktisk-administrative saker; eg skal rett og slett vere øvste sjef, med eit personalansvar for 120 menneske. Det blir mykje av det ein kan kalle rutinearbeid, arbeid med stillingsinnstillingar og liknande oppgåver. Det må eg gjere, og det har eg lyst å gjere.

– Det eg håpar eg kan jobbe med er å hjelpe fagmiljøa til å bli stadig betre og sjå om det er mogleg å gjere det same med undervisinga. Eg håpar òg å arbeide med å profilere instituttet mot fakultetet, universitetet og vonleg eksternt.

 

Korleis trur du det blir med forskinga di?

– Det er det alle spør meg om, og det eg spør meg sjølv om. Eg har nokre prosjekt eg vil fullføre og artiklar eg vil skrive, noko eg vonar skal vere mogleg å gjere innimellom. Eg er til dømes med i eit globalhistorisk prosjekt om verftsindustrien frå 1950 til 2010 som eg gjerne vil følgje opp, men folk seier til meg at ein ikkje skal ha for store ambisjonar, i alle fall ikkje i byrjinga.

 

Kva blir dei viktigaste forskingspolitiske temaa for instituttet i perioden framover?

– Ei avgjerande utfordring er å sikre humanistiske fag løyvingar og stillingar. Veldig mange andre humanistiske fag og fakultet blir bygde ned, men vi er ikkje der. Vi har klart å halde stand, og dette arbeidet blir veldig viktig å halde fram.

– Ei anna forskingsstrategisk utfordring er å skape betre rammer rundt eksternfinansierte prosjekt og vonleg bidra til å løyse problema med mellombelse tilsettingar. I dag er det vanskeleg å lage karriereløp for forskarar som kjem inn på eksterne midlar. Eg håpar det nye rektoratet kan bidra til å betre samarbeidet med randsonen av universitetet slik at det kan bli fleire faste stillingar for unge forskarar.

 

Forgjengaren din er ein mann med eit ganske ryddig kontor. Er dette noko du kjem til å følgje opp?

– Kontoret mitt har vore kaotisk, og det er difor eg vil bli ein kastar framfor ein samlar. Eg har tenkt å halde ein viss orden på det nye sjefskontoret mitt, men eg kan love at det ikkje kjem til å bli like ordentleg som Hoffmann hadde det. Det er ei programerklæring.

 

Kva bok har du på skrivebordet ditt?

– Alle bøkene eg arbeider med er stabla på skrivebordet mitt, og eg trur det er nærmare 50 bøker der. Eg er nett ferdig med ei bok om norsk historieskriving, so no har eg ymse noregshistorier og mykje om narrasjon, forteljing og historieteori, i tillegg til bøker om likskapsomgrepet i norsk historie og mykje arbeidslivslitteratur.

 

Kva likar du å lese på fritida?

– Eg les mykje skjønnlitteratur, og som veldig mange i min generasjon les eg alt av og om Dag Solstad. Denne sommaren har eg vore i Nord-Noreg og lese Knut Hamsun. På gjengrodde stier var som å lese ein 1940-åras versjon av Knausgård. Eg har elles stor sans for norsk-chilenaren Pedro Carmona-Alvarez; Rust er ein fantastisk roman.

 

Du er no leiar for studentar, doktorgradskandidatar, faglege og administrativt tilsette, og du har sjølv vore nesten alle delane. Kva var det kjekkaste med å vere student?

– Sjølvsagt var det nokre glitrande førelesarar som var morosame å høyre på då eg var student, men det kjekkaste var kollokvia. Då eg studerte tilbake i steinalderen på 1980-talet, hadde vi sjølvdrivne kollokvium; Vi drog på hytteturar og diskuterte pensum opp og ned og fram og tilbake. Det er det eg ser tilbake på med den største glede. Det forundrar meg at det er so vanskeleg å få studentane i dag til å ta del i kollokvium.

 

Dei fleste i dag tar ph.d., men du har ein dr.philos. Kvifor vart det det i staden for?

– Eg har hovudfag i samanliknande politikk og heldt eigentleg på med ein doktorgrad i statsvitskap, men sidan eg arbeidde med historisk materiale og nytta historiske perspektiv fann eg ut at eg ville bli ein skikkeleg historikar. Difor leverte eg ein dr.philos. i historie for å bli vurdert som ein historikar.

 

Kva er det kjekkaste med å vere fagleg tilsett ved AHKR?

– Det er jo ein fantastisk privilegert situasjon det at ein kan bruke halve jobben til å undervise og rettleie. Eg elskar å undervise, særleg slike oversiktsførelesingar i eit stort auditorium er ein happening. Eg syns òg det er spennande å rettleie masterstudentar og ph.d.-kandidatar.

– Og so har vi forskingstid: Nesten halve arbeidstida kan vi halde på med kva vi vil. Sjølvsagt arbeider vi mykje meir enn arbeidsmiljølova seier at vi skal gjere, men det er ein fri jobb som er både privilegert og interessant.

 

Kva er det kjekkaste med å vere administrativt tilsett?

– Eg går inn i ein leiarposisjon, so det kjekkaste for meg blir nok å vere med og prege utviklinga. Ein instituttleiar er involvert i strategiske avgjerdsprosessar, både på institutt-, fakultets- og universitetsnivå, og det gler eg meg til. Eg har hatt stor glede av å sitte i fakultetsstyret og fatte overordna vedtak og no skal eg få sette dei ut i livet.

– Då er sjølvsagt administrative rutinar naudsynte, og eg har tenkt å følgje spelereglane, men samstundes vil eg prøve å gjere rutinane enklare. Kvalitetssikring og HMS er viktig, men rapporteringstyranniet og dei ineffektive sidene ved New Public Management vil eg gjere mitt for å bli kvitt.

 

Eit siste spørsmål: Ei av rollene til instituttleiar er å leie doktorgradsdisputasar, som er ganske høgtidlege, og disputasleiar har ei eiga kappe. Gler du deg til å gå med denne?

– Ja! Det blir morosamt. Det å leie disputasar ser eg fram til. Det er ei viktig hending i universitetslivet og eg tykkjer den typen seremoniar er fine. Eg har sansen for det ritualet.