Hjem

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

emeritus

UiB får unik Afrika-samling

Seán O’Fahey har gjennom 40 år samla eit unikt arkiv frå Sudan og Nord-Afrika. Dette overlèt han no til Universitetsbiblioteket i Bergen.

Rex Seán O'Fahey
Foto:
Magnus Halsnes

Rex Seán O’Fahey kom til Bergen i 1971 og var den første stipendiaten, dosenten og professoren i ikkje-europeisk historie ved Universitetet i Bergen. O’Fahey kom til å dekke Midtausten, Nord-Afrika og spesielt Sudan, og hadde ei sentral rolle i oppbygginga eit fagmiljø i Bergen.


Professor Seán O’Fahey sin overgang til emeritus vart markert i Knut Fægris hus fredag 6. september. Margareth Hagen, dekan ved Det humanistiske fakultet, og Jan Heiret, leiar for Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, heidra O’Fahey og trakk fram den sentrale rolla han har hatt for fagmiljøet i Bergen. Under markeringa var tidlegare kollegaar og fleire av hans tidlegare stipendiatar til stades, somme no sjølv professorar ved UiB.


O’Fahey har forska på Darfur si politiske historie og sultanatet Darfur si oppbygging på 1600–1800-talet. Eit sentralt tema har vore fordeling av jordeigedom og eigedomsforhold til jorda. Han har vorte internasjonal anerkjend for kunnskapen sin om Sudan si historie, noko som var tydleg då forskinga hans vart nytta til å forstå borgarkrigen frå 2003 av og der han vart dratt inn i fredsforhandlingane i Khartoum og engasjert av FN.

– Eit levande arkiv

I løpet av forskarkarrieren sin har O’Fahey samla eit imponerande og stort privat arkiv, og denne samlinga overlét han no til Universitetet i Bergen.


Då O’Fahey og Ole Gunnar Evensen, direktør for Universitetsbiblioteket, underteikna arkivavtalen under avskjedsmarkeringa, kalla Evensen samlingane for «eit levande arkiv» og meinte at denne typen arkiv var framtida til universitetsbibliotek verda over.


Det meste i samlinga er kopiar av originalt materiale frå offentlege og private samlingar, og ein god del er unikt i dag, spesielt materialet frå Darfur. Arkivet utgjer ei mengde manuskript samla gjennom venskap og besøk, og i dag er mange originalar tapt som følgje av borgarkrig og hus som har brent ned.


I samlinga finne ein manuskript frå 1600-talet og heilt fram til i dag, og utgjer mellom anna religiøse manuskript og manuskript som dokumenterer eigedomsrett.  Noko av materialet O’Fahey har samla er i tillegg no det einaste i verda, som manuskripta frå Idrisiyya-tradisjonen i Sudan, Egypt, Jemen, Marokko, Bosnia, med fleire.


Mykje av samlinga er òg unik sidan originalmaterialet er utilgjengeleg for forsking av ymse grunnar, som til dømes manglande vedlikehald, dårlege lagringsforhold, fattigdom og politisk motvilje. Sjølv offentleg arkiv blir prioritert bort, øydelagde eller blir drifta dårleg, og for dei som arbeider med kjeldemateriale i denne delen av verda er dette kjend fenomen.

Denne samlinga er no i hendene til Universitetsbiblioteket i Bergen, som har planar om eit større Midtausten-arkiv i tillegg til andre humanistiske felt. Arkivetoverdraginga markerer i tillegg eit utvida samarbeid mellom AHKR/HF og Universitetsbiblioteket.