Hjem
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
Nytt emne

Praktisk praksis

Eit nytt emne ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) sender bachelorstudentar ut i praksis der utdanninga deira er direkte relevant.

Lyngheisenteret
Lyngheisenteret på Lygra er ein del av Museumssenteret i Hordaland
Foto/ill.:
Magnus Halsnes

Hovedinnhold

I 2014 startar emnet AHKR201 ved AHKR der studentar får høve til å reise ut i praksis. Målet er at praktikantopphaldet utviklar den faglege kunnskapen deira når det kjem til aktuelle samfunnsaktørar og arbeidsgjevarar og at dei blir medvitne om si eiga yrkesrolle. Studentane skal òg bli kjente med korleis det er å arbeide ved ei verksemd eller institusjon der utdanninga deira er relevant.

– Vi har oppretta emnet for at studentane våre skal kome i kontakt med institusjonar der utdanninga vi tilbyr kvalifiserer til å arbeide innanfor, fortel førsteamanuensis og emneansvarleg Hans-Jakob Ågotnes.


Instituttet førebur studentane på emnet med eit oppstartsseminar der ein mellom anna gjer studentane medvitne på sin eigen kompetanse og korleis dei kan bruke denne i praksis. Studentane skal dei seksten vekene emnet varer òg bli betre kjende med korleis verksemda eller institusjonen dei får praksisplass ved organiserer arbeidet sitt.


– Det faglege innhaldet i dette praksisemnet blir knytt opp til vertsinstitusjonen si verksemd, og studentane vi sender på praksis skal difor bruke sine faglege tilnærmingar til å arbeide med institusjonen sine problem, seier Ågotnes.


Førsteamanuensis Jan Oldervoll er ein av initiativtakarane til emnet og meiner dette er eit emne som heilt opplagt er nyttig for studentane.


– Emnet er eitt av dei emna som kombinerer teori og praksis, noko ein lærer mykje meir av. Det er difor veldig nyttig for studentane. Dei får sjå korleis ein arbeidsplass fungerer i tillegg til at dei kjem til å få vit på og betre kunnskap om aktuelle framtidige arbeidsplassar dei elles ikkje ville visst om.

 

Institusjonar som veit kva dei skal

– Emnet kan medverke til at institusjonane vi sender studentane til får betre kjennskap til våre fag og til at studentane får erfaring med moglege arbeidsfelt. Dei kan òg få fagleg input og kreativ tenking frå unge menneske som kan bidra med nye syn på kjende oppgåver. I første omgang er det kulturhistoriske museum som er aktuelle, men feltet vil truleg bli utvida etter kvart, fortel Ågotnes.


Instituttet har ein avtale med Museumssenteret i Hordaland, som utgjer om lag 28 større og mindre museum i fylket. Oldervoll fortel at sidan dette er ein organisasjon som er viljug og interessert i å ta i mot studentar og at dei enkelte musea veit godt korleis dei skal inkludere studentane i arbeidet deira.


– Interessa til musea og studentane møter kvarandre i dette emnet, og dette møtet er noko instituttet er interesserte i å vere med på. Instituttet vil òg sitte att med mykje, fagleg sett, og emnet vil hjelpe til med å knyte desse institusjonane og instituttet fagleg mykje nærmare saman, seier Oldervoll.


Eit utfall Oldervoll ser føre seg av dette samarbeidet masterstudentar som kanskje kjem til å skrive masteroppgåvene sine innanfor ein av desse institusjonane, eller at ein nokon skrive ein ph.d.-prosjekt.

 

Inspirasjon frå liknande emne

Det er første gong eit slikt emne blir tilbydd ved instituttet, og ein har henta inspirasjon og erfaringar frå liknande emne andre stadar ved universitetet. Eitt av desse er emnet Praktisk informasjonsarbeid (PRAKTINF) ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE), der studentar blir plassert ut som informasjonsarbeiderar i ymse verksemder.

Det er likevel SAMPOL113, praksis i samanliknande politikk, ved Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV) som er den eigentlege modellen for AHKR201, ifølgje Oldervoll. Her blir studentar plassert ut i eit breitt spekter av verksemder, men ulempa her er at det breie spekteret fører med seg mykje oppfølgingsarbeid. Det å ha ein avtale med éin organisasjon reduserer denne arbeidsmengda.