Hjem
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
News

UiB på sørafrikanske frimerke

Christopher Henshilwood ved UiB er nemnd på frimerkeserie om sørafrikansk kultur og historie.

Frimerke
Frimerket nede til venstre er av skjelanhenga. Den graverte okeren er på frimerket i midten oppe.
Foto/ill.:
South African Post Office

Hovedinnhold

Det sørafrikanske postvesenet gav i haust ut ein ny frimerkeserie som viser sørafrikansk kultur og historie, og på to av desse er Universitetet i Bergen nemnde gjennom professor Christopher Henshilwood ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) og Universitetet i Witwatersrand.

Eit frimerke har eit bilete av ein om lag 75000 år gamal gravert oker, det eldste symbolske designet i Sør-Afrika. Okeren vart funnen i 2000 av Henshilwood, og graveringane på den er det er det tidlegaste provet på menneskelege symbol og moderne kognitiv åtferd.

Eit anna viser om lag 75000 år gamle skjelanheng, dei eldste pyntegjenstandane funne i Sør-Afrika. Desse anhenga vart mellom anna dekka i ein reportasje av CNN i 2013.

Båe er funn frå Blombos-hola ved sørlege kapp i Sør-Afrika, der Henshilwood mellom anna har arbeidd saman med andre arkeologar frå UiB. Forskinga og utgravingane til Henshilwood er no tilknytt ERC-prosjektet TRACSYMBOLS ved AHKR.