Hjem
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
INNSIKT

Mykje nytt frå forskingsfronten

Professor Geir Atle Ersland fylte salen då han opna føredragsrekka Innsikt på Litteraturhuset.

Føredrag
INNSIKT: Geir Atle Ersland fortel om Bryggen. Biletet på skjermen viser folk som demonstrerte for å rive Bryggen.
Foto/ill.:
Magnus Halsnes

Hovedinnhold

– Bebyggelsen på Bryggen var omkring 1900 verdt knapt anna enn verdien av gamalt tømmer og ved, fortalde professor Geir Atle Ersland ein fullsatt sal på Litteraturhuset i Bergen.

Føredraget «Riv Bryggen – fortida blokkerer framtida» var første føredraget ut i serien INNSIKT som Bergens Tidende arrangerer i samarbeid med Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR). I løpet av våren går eitt føredrag i månaden i beste lunsjtid på tysdagar, der forskarar frå AHKR presenterer siste nytt frå forskingsfronten.

 

Fortida var fyllmasse for framtida

Ersland gav ei detaljrik innføring i historia om vern av Bryggen og korleis den gjekk frå å skulle bli riven i 1899 til å bli verdsarv i 1979. Frå 1899 til brannen i 1955 forsvann tre fjerdedelar av Bryggen. Utgravingane etter brannen viste at historia til Bergen låg bevart under bakken. Bryggen stod på fyllmassar av eldre bebyggelse.

– Forholdet mellom hamn og bebyggelsesstrukturen i mellomalder er knapt bevart andre stadar enn i Bryggen i Bergen. Bryggen er eit minne om det hanseatiske handelsforbundet, bindeleddet mellom hundrevis av byar, og ingen andre stadar har eit slikt bygningsminne bevart. Grunngjevinga for at Bryggen kom på kulturverdsarvlista til UNESCO i 1979 var at det var minnet etter hanseatane og deira tapte handelskultur.

 

Byplan frå båt til bil

Eit viktig punkt for Ersland var korleis transport- og kommunikasjonsmønsteret har endra seg i Bergen dei siste hundreåra.

– Bergen har alltid hatt ein byplan som tilpassar seg tilgang til hamneområdet i Vågen. Det var Vågen som representerte hovudkontakten med omverda. Smaua i Bergen er vinkelrett på hamna medan gatene går parallelt. Gatene førte heller ikkje ut av byen, med eit par unntak.

På 18-1900-talet tok landbaserte ruter over og dei siste tiåra har biltrafikken lagt premissa for det aller meste av byutviklinga. Ersland trakk òg fram debatten om kva trasé Bybanen skal følgje:

– Argumentet om at traseen skal gå utanom kulturminnet Bryggen er ikkje gyldig dersom ein ser forholdet mellom kaifronten og bebyggelsen som eit vesentleg premiss for utviklinga av Bryggen frå 1100-talet og fram til 1890-åra. Det var dynamikken mellom desse to elementa som skapte Bryggen. Dette er eit sentralt poeng å ta med når kulturminnet skal forklarast, og det er vesentleg å vurdera om bybanen kjem til å framheva dei endringane i kommunikasjonsmønsteret som tok til omkring 1900.

Framtid i fortid

Over 70 personar hadde tatt turen i lunsjen for å høyre på Ersland. Arrangør Martin Larsen Hirth frå Bergens Tidende var nøgd med oppmøtet og forklarte kvifor møta er lagt i beste lunsjtid:


– Vi har mange trufaste og kunnskapslystne lesarar som har høve til å delta på dagtid, samstundes som det er interessant for studentar og andre med forholdsvis fri arbeidstid. Det er godt mogleg vi held arrangement på kvelden òg dersom interessa for INNSIKT og forskingsformidling viser seg å vere stor. Den førebelse konklusjonen er at det har vorte godt motteke. Vi har òg opplevd god tilbakemelding på «Innsikt»-sidene i sjølve avisa og det syner at det er rom for god forskingsformidling.

 

Frå bryggevern til heterosex

Neste føredrag i serien er Dag Øistein Endsjø, professor i religionsvitskap, som skal fortelje om velsigningane og forbanningane med heteroseksualitet.


– Heterosex er på ingen måte rett fram i dei ulike religionane. Det er mykje ein må tenke på, og gjer ein gale val, kan ein ende opp med dødsstraff og helveteseld.