Hjem
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
emeritus

Nærkontakt med historia

Historieprofessor Ståle Dyrvik har vorte emeritus.

Ståle Dyrvik, professor emeritus
Foto/ill.:
Magnus Halsnes

Hovedinnhold

Ståle Dyrvik runda 70 år i fjor haust og har no tatt steget inn i dei pensjonerte sine rekker. Overgangen til professor emeritus vart markert i Knut Fægris hus i år.


Dyrvik byrja som stipendiat ved Universitetet i Bergen byrjinga av 1970-talet. Han vart førsteamanuensis i 1976 og professor i 1988.

 

Historikaren

Det er norsk historie mellom 1536 og 1814 som har stått i sentrum i forskinga hans, saman med lokalhistorie og historisk demografi. Han har skrive mange noregshistorier som eineforfattar og har vore medforfattar på fleire.

Dekan Margareth Hagen trakk fram at Dyrvik har skrive pionerverk innanfor demografi og gjeve historieverk ein annan dimensjon enn berre politikk, nemleg nærkontakt med historia gjennom sveitte og skitne hender.

Med delar av utdanninga frå Frankrike, viste Hagen til at Dyrvik har vore med på å gje Noreg den kontinentale tradisjonen, og at han har skrive globalhistorie med fokus på det lokale.

Mellom 1969 og 1995 gav Dyrvik ut fem band av Bygdebok for Etne, der han presenterer ei solid oversikt over folkesetnad, demografi, kyrkjebøker, folketeljingar, med meir. Jan Heiret, instituttleiar for Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR), trakk fram dette verket under markeringstalen i Knut Fægris hus.


– Ved å studere eit lite samfunn fekk Ståle Dyrvik grunnlaget for å studere Noregs historie.
                                                 

Heiret la til at Dyrvik har vore med å bygge opp historietilbod over heile landet, der han tok med studentane inn i forskingsprosessen, mellom anna ved å sende nokre av dei til Statsarkivet.


Professor Anne-Hilde Nagel vart tidleg kjend med Dyrvik gjennom eit forskingsprosjekt, seinare gjennom felles undervising og dei skriv no bok saman. Ho peika på evnene hans til å gjere kompleksitet og kontrastar i historia levande og forståeleg for lesarar og tilhøyrarar.

– Førsteinntrykket mitt av han i starten var at han hadde litt av vestlandsfanden i seg, med mykje spit og dobbeltbotn i det meste. Dette stemde ikkje i det heile. Dobbeltbotnen kunne nok vere der, og av og til med brodd, men mest var det godlynt, ertande og humoristisk. Han er ein særs god fagfelle og har alltid konstruktive kommentarar, same om det er studentar eller kollegaer han kommenterer.

 

Førelesaren

– Du er ein glitrande førelesar, føredragshalder og kåsør, som det ikkje er mogleg å etterfølgje. Du brukar tilsynelatande ikkje manus, er uhyre strukturert og fangar studentane dine, fortalde Heiret om førelesareigenskapane til Dyrvik.

Hagen la seinare til at Dyrvik er ein ekstremt dyktig formidlar som er elska av studentane, som han har stor respekt for.


Dyrvik avslutta med å fortelje si eiga slekts historie for å vise at forteljingar om identitet ikkje er enkle, og at historie er kompliserte prosessar med ymse årsakssamanhengar og eit vrimmel av hendingar.


– Dette er eit mangfald vi pliktar til å ta vare på; Det å sjå mange element og prosessar og korleis desse grip fat i kvarandre.

Ståle Dyrvik har fått tildelt emeritusplass ved Universitetet i Bergen.