Hjem
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
News

Fordjup deg i forsking etter mastergraden

Vitskapleg publisering er sentralt i nytt AHKR-emne for deg som er ferdig med mastergraden.

Foto av Michael Stausberg og István Keul som diskuterer tidsskriftsartiklar. Bokhylle i bakgrunnen.
Undervisingskoordinator Michael Stausberg og emneansvarleg István Keul diskuterer ein artikkel i tidskriftet Religion.
Foto/ill.:
Magnus Halsnes

Hovedinnhold

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) tilbyr hausten 2014 eit nytt emne for deg som har fullført mastergraden ved instituttet: AHKR391. Emnet er tverrfagleg og retta mot kandidatar frå alle fem masterprogramma ved AHKR.

– Dette er eit emne for dei som vil arbeide vidare med forsking etter fullført mastergrad, fortel emneansvarleg István Keul.


Sentralt i emnet står vitskapleg publisering, arbeid med vitskaplege tekstar og søknadsskriving. Målet er å utvikle dei akademiske evnene til ferdige masterar og lære dei fagfellevurdering og å skrive publiseringsferdige artiklar.


– Slik det er no er det lite fokus på dei som er ferdige med mastergraden. Det einaste tilbodet er Praktisk-Pedagogisk Utdanning (PPU), men det er retta mot ein profesjon. Dette emnet er derimot ei vitskapleg vidareutdanning etter master. Det er ei skulering i vitskapleg arbeidsmetode og korleis det er å arbeide med forsking, forklarar Michael Stausberg, undervisingskoordinator ved AHKR.

 

Styrking av forskingsgleda

Emnet er basert på erfaringar frå eit tidlegare og liknande emne for masterstudentar og ei gruppe leia av Stausberg for studentar ferdige med mastergraden. Fleire av medlemene i gruppa gjekk vidare til å bli ph.d.-kandidatar. Stausberg og Keul håpar emnet kan vere ein veg til å bli ein sjølvstendig forskar og eventuelt skrive stipendiatsøknadar.


– Eit mål er å styrke forskingsgleda. Ein del forskartalent har fått meirsmak av arbeidet med masteroppgåva, men mykje oppfølging av desse føregår i dag mest på individuell basis. Dette emnet gjer ei oppfølging både opa og synleg, samstundes som ein skapar kull og meir samarbeid, fortel Stausberg.


Undervisinga er hovudsakleg basert på seminar, presentasjonar og diskusjon framfor førelesingar, mykje fordi fagfellevurdering (peer review) er svært viktig del av prosessen for publisering i vitskaplege tidskrift.

 

Den verdifulle masteroppgåveartikkelen

Stausberg har sjølv eit ynske om at dei beste masteroppgåvene vert publisert, og ein måte å gjere det på er å hjelpe studentane med å få artiklar sendt inn til vitskaplege tidsskrift. Vurderingsforma i emnet er difor å skrive ein vitskapleg artikkel basert på masteroppgåva som er klar til å bli sendt inn til eit vitskapleg tidsskrift.


– Ein artikkelversjon av ei masteroppgåve viser forskingsbidraget til masterstudenten i eit nøtteskal. Det er mange som gjer veldig viktig forsking og om visse tema er masteroppgåver den einaste forskingslitteraturen ein finn. Fleire masteroppgåver kan vere interessante for journalistar og andre, men av juridiske grunnar er det ikkje alle masteroppgåver som blir publiserte.

Emnet er for ferdige masterar i arkeologi, historie, kulturvitskap, religionsvitskap og Region og regionalisering, og både Stausberg og Keul er samde om at det er ei lita utfordring med eit emne som omfattar fleire ulike fagtradisjonar, når det til dømes gjeld publisering.

– Innhaldet i oppgåvene er òg ulikt og det er difor viktig at rettleiarane studentane hadde under mastergraden kan bidra, fortel Keul.