Hjem
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
Ny bok

Skandinavisk fokus på kjønn i integreringsdebatten

I ei ny bok gir forskarar frå dei skandinaviske landa eit unikt innblikk i kvinnelege flyktningar sine tankar og erfaringar.

Svart hvitt maleri av føtter som går på et steinete underlag.
Eit maleri av Kwestan Jamal Ali, Kurdistan prydar omslaget på boka.

Hovedinnhold

– I studiar av flukt, migrasjon og eksil har det tradisjonelt vore fokus på mannen og hans erfaringar. I mange kulturar er kvinner tilbakehaldne med sine tankar, og dei blir ofte heller ikkje gitt rom til å uttrykke seg, fortel Haci Akman, etnolog og forskar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Han er redaktør for ein ny antologi om kvinner, migrasjon og identitet.

Premissen for boka er at kjønn har stor påverknad på diskursen rundt migrasjon og innvandring, så vel som på felt som integrering, politikk, offentleg debatt og kunstuttrykk. Med dette som bakgrunn, og gjennom ulike casestudiar, utforskar boka kvinner i eksil og forholdet deira til sine nye heimland.

 

Skandinavisk perspektiv

I boka finn ein forskingsresultat frå Noreg, Sverige og Danmark, og i følgje Akman skil det skandinaviske perspektivet seg frå andre regionar.


– Her i Norden ser vi ein litt annleis tenkemåte, og ein annan tilnærmingsmåte til problem rundt migrasjon og integrering. Der enkelte land kan vere ganske bastante, ta til dømes Frankrike og hijabforbodet i skulen, vil ein i Skandinavia prøve å finne rundare løysingar. Nokre vil kanskje seie at det er eit mjukare samfunn? undrar Akman.


Kunst som uttrykk

Antologien byr på mellom anna bidrag frå dansk forsking som fokuserer på integreringsproblematikk blant somaliske flyktningar, og svensk forsking på tilpasningsstrategiar hos muslimske ungdommar, heile tida med eit kjønnsperspektiv. Akman sjølv har konsentrert seg om flyktningekvinner som brukar kunst som politisk uttrykk.

– Kanskje det er lettare å omgå tabu ved å uttrykke seg gjennom kunstuttrykk enn personlege forteljingar. Kvinnene lider ofte i stillheit, men det kan vere lettare å kommunisere erfaringane sine via eit medium som til dømes kunst. Der kan ein også fri seg frå språklege barrierer som kan vere svært hemmande. Dessverre kjem veldig få kvinnelege kunstnarar med innvandrarbakgrunn til uttrykk i Noreg, og det er synd fordi dei kan kaste lys over feltet på ein ny måte, meiner Haci Akman.


Bidrag til integreringsarbeidet

Antologien kom til som resultat av ein konferanse arrangert i 2010. Temaet er framleis høgst aktuelt, og redaktøren meiner boka har ei klar samfunnsnytte.

– Vi trur at denne forskinga kan bidra i integreringspolitikken og gi eit meir nyansert innblikk i dei utfordringane vi står ovanfor. God forståing er ein viktig nøkkel, hevdar Haci Akman.