Feltforsking på film
Arkeologen Magnus Haaland har laga film om feltarbeid i Sør-Afrika.
Et arkeologisk reisebrev fra Sør-Afrika
Hovedinnhold
I samband med prosjektet TRACSYMBOLS har Magnus Haaland, stipendiat i arkeologi ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR), laga eit reisebrev frå feltopphaldet i Sør-Afrika.
– Mykje av det vi gjer i praksis i felt, vert aldri fortalt i vitskaplege publikasjonar. Vi ville difor laga ein video med meir personleg vinkling, med ein historie sett frå eit studentperspektiv, noko eg personleg synest er viktig, fortel Haaland.
TRACSYMBOLS ynskte å lage to videoar frå prosjektet og utgravingane i Sør-Afrika, ein kortare og meir generell video som presenterer sjølve prosjektet i tillegg til Haaland sitt reisebrev. Kommunikasjonsavdelinga ved UiB hjalp dei med å spisse historiene ein ynskte fortelje.
– Bakgrunnen for å lage videoane var å formidle prosjektet til eit breiare publikum. Eg trur ikkje ein fangar opp alt det faglege ein gjer som forskar berre ved å publisere bøker eller tidsskrift. Eg trur video og bilete kan være gode supplement i denne samanhengen. Når vi er så privilegerte at vi får forske og jobbe med det vi liker er det viktig å formidle dette til eit breitt publikum, fortel Haaland.
Krasj-kurs i filmproduksjon
Haaland fekk låne ein del utstyr frå Kommunikasjonsavdeling og vart i forkant sendt på det han kallar eit «krasj-kurs» i grunnleggande video- og lydproduksjon.
– Eg har sjølv mykje erfaring med konvensjonell fotografering, men levande bilete og lyd var heilt nytt for meg. Eg trur likevel at eit minimum av teknisk innsikt og røynsle med foto gjorde det lettare for meg. Sjølve utstyret eg fekk med meg til Sør-Afrika var eit relativt lite HD-video-kamera, ekstra batteri og ein tråd-laus mikrofon for intervju.
Lærerik filming
Haaland fortel at det heile var veldig lærerikt og spennande, men han innrømmer at det til tider kunne vere litt frustrerande og at det var ein del prøving og feiling, spesielt under intervjua.
– Det hendte at eg gjorde eit svært godt intervju, men gløymte å ta på mikrofonen. Det å intervjue menneske er jo også ein kunst og det er slett ikkje alle som likar å bli intervjua, sjølv om dei etter litt oppmjuking kan fortelje dei beste historiene. Eg hadde her ein fordel ved å vere ein del av teamet og var ikkje oppfatta som ein ekstern journalist. Det trur eg bidrog til at eg fekk meir spontane og naturlege klipp får feltkvardagen vår.
Godt med god planlegging
Haaland fortel at ein må planlegge slike filmprosjekt nøye på førehand og ein må sette av tid til å filme medan ein er i felt. I etterkant må ein følgje opp prosjektet nøye. Kommunikasjonsavdelinga har difor vore involvert i prosessen både før og etter filminga. Undervegs har ein sendt inn video-prøver og ein har gått gjennom både tekst og manus.
– Vi sit allereie på mykje meir videomateriale enn det som hare kome fram i desse videoane, og vi har byrja å prate laust om korleis vi kan bruke dette vidare.