Hjem
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
Nyhet

Fekk masteroppgåva publisert som bok

Daniel Croles Fitjar si masteroppgåve om mayakultur og -religion har blitt bok.

Bilete av Daniel Fitjar som smiler til kamera.
«Balancing the World» av Daniel C. Fitjar kom ut på forlaget Peter Lang 17. oktober 2014.
Foto/ill.:
Magnus Halsnes

Kort tid etter at Daniel Croles Fitjar leverte masteroppgåve i religionsvitskap i 2013, sendte han den til fleire forlag i håp om at dei skulle publisere den. I oktober kom Balancing the World ut i bokform på det anerkjende akademiske forlaget Peter Lang. Fitjar har skrive om mayakultur og mayareligion i Guatemala i dag.
 

– Det er skrive mykje om den klassiske mayakulturen, men svært lite om den noverande. Teksten handlar om sokalla ajq’ij-ar i mayareligion i dag, ofte kalla prestar, sjamanar eller spirituelle guidar. Menn og kvinner som er ajq’ij-ar har mange oppgåver i samfunnet, som til dømes å gjennomføre seremoniar, kommunisere med forfedre, divinasjon, eller rett og slett vere psykologar eller konfliktmeklarar for folk, fortel Fitjar.
 

Europeisk konvertitt og mayaprest fenga interessa

– Eg har lenge hatt ei interesse for Guatemala og mayakulturen. Då eg var der for Fredkorpset eit halvt år, møtte eg ein som hadde konvertert til mayareligionen. Han kom opphavleg frå Europa og eg fann det interessant at han hadde busett seg i Guatemala, konvertert og no fungerte som mayaprest.
 

– Då eg reiste tilbake i 2012 for å skrive masteroppgåve, hadde eg tenkt å berre skrive om han og konverteringshistoria hans, men eg fann ut at eg òg måtte intervjue andre for å finne ut meir om kva mayareligion var. Det var ganske lett å finne informantar og då det viste seg at dei hadde mykje interessant å seie, fekk alle like mykje plass.  Fokuset var då retta mot religiøst leiarskap og oppgåvene til religiøse leiarar framfor konvertering.
 

Bokprosjektførebuing før levering

Fitjar byrja førebu seg på å få masteroppgåva publisert som bok før han leverte. Rettleiaren hans, Håkan Rydving, professor i religionsvitskap, hjelpte han med å finne potensielle forlag og å utforme ein tekst som fungerte som meir enn berre ei oppgåve. Fitjar måtte finne eit format som var lettare tilgjengeleg for eit breiare publikum.
 

– Eg prøvde, til dømes, å halde språket so enkelt som mogleg. Det er altfor mange som nyttar kompliserte ord berre fordi dei høyrast meir «vitskaplege» ut. Eg skreiv òg på engelsk, noko som opna for eit større publikum og fleire potensielle forlag, fortel Fitjar.
 

Då sensuren på oppgåva hadde falt, sendte Fitjar oppgåva si til fleire forlag for vurdering. Medan nokre raskt svarte at dei ikkje publiserte masteroppgåver, var det andre han aldri høyrde noko frå i det heile.

– Då det hadde gått eit halvt år utan svar, vart eg litt modig ein dag og sende ein ny e-post til tre av forlaga eg ikkje hadde høyrd noko frå og spurte uskuldig om dei hadde mottatt teksten. To svarte meg ikkje då heller, men det gjorde Peter Lang International Publishers. Dei hadde prøvd å kontakte meg, men sendt til feil adresse.
 

– Dei hadde sendt teksten til fagfellevurdering og ville publisere teksten dersom eg fann finansiering. Det ville AHKR hjelpe meg med og dimed gjekk det i orden på litt over eitt år.