Hjem
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
Nyhet

Løynde evangelium, utdøydde språk og æresdoktorat

Einar Thomassen, professor i religionsvitskap ved AHKR og prodekan ved HF, har vorte utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Laval, Canada, som følgje av langt samarbeid og forsking på koptiske tekstar.

Mann framfor ei bokhylle ser i ei bok med koptiske tekstar som ligg på eit bord.
GNOSTISISME OG KOPTISK: – Då Nag Hammadi-tekstane vart oppdaga, opna dei eit vindauge til denne fordømte greina av den tidlege kristendomen, fortel Einar Thomassen.
Foto/ill.:
Magnus Halsnes

Hovedinnhold

I juni i år vart Einar Thomassen, professor i religionsvitskap, utnemnd til æresdoktor ved Université Laval i Canada. Bakgrunnen er over tredve år med samarbeid og forsking på dei gnostiske Nag Hammadi-tekstane, som vart funne av egyptiske bønder for 70 år sidan i år.
 

– Eg har samarbeidd med dei i over tredve år. Eg har vore med på å gje ut fleire bøker og i tillegg har samarbeidet vore ei inspirasjonskjelde til mi eiga forsking, ikkje minst når det gjeld den viktigste boka mi, The Spiritual Seed. Eg set stor pris på at kollegaane mine i Laval har ynskt å ære meg på denne måten.
 

Forskarar ved Universitetet i Laval etablerte seg, ifølgje Thomassen, som det fremste miljøet for tolking og utgjeving av desse tekstane i løpet av 1980-talet. Thomassen vart involvert i prosjektet kring tekstane i 1985, då dei ynskte å gje ut doktoravhandlinga hans frå 1982, ei ny omsetjing og kommentar til ein av dei lengste og vanskelegaste Nag Hammadi-tekstane.

 

Vindauge til antikkens første kjettarar

– Vi kjende til gnostisismen frå før. Antikkens første kjettarar. Kristne forfattarar var berre ute etter å fordømme dei, fordi dei meinte gnostikarane dreiv med vranglære. Då Nag Hammadi-tekstane vart oppdaga, opna dei eit vindauge til denne fordømte greina av den tidlege kristendomen.
 

– Dei gnostiske tolkingane av kristendomen er utruleg fascinerande i seg sjølv. Dei det viser ein måte kristendomen kunne bli tolka på, men som ikkje overlevde maktkampen i den tidlege kristendommen. Dokumenta viser oss at kristendomen var ein mykje meir mangfaldig storleik i antikken enn det den tradisjonelle kyrkjehistoriske framstillinga viser, der den sanne kristendomen måtte kjempe mot fiendar og kjettarar heile vegen. I dag har vi eit meir pluralistisk syn på den tidlege kristendomen som ei mangefasettert rørsle.
 

Forsking på gnostisismen og koptiske tekstar har ein lang tradisjon i Noreg og Bergen. Alv Kragerud (1932–2010), den første professoren i religionsvitskap i Bergen, etablerte det som forskingsfelt då han kom til byen i 1967. Seinare har Ingvild S. Gilhus, no professor i religionsvitskap og kollega til Thomassen, arbeidd med feltet og skrive doktoravhandling om det.

 

Løynde evangelium på koptisk

Mykje av tekstmaterialet som er bevart frå antikken er frå Egypt og skrive på koptisk, språket som var brukt i Egypt i seinantikken. Klimaet i Egypt har sørgja for at papyrusen tekstane er skrive på har haldt seg fram til våre dagar. Mange av tekstane er koptiske omsetjingar frå greske originalkjelder som har gått tapt. Thomassen fortel at koptisk difor er av stor interesse og er eit supplement til dei klassiske språka når det gjeld overleverte tekstar.
 

– Som eg seier til studentane mine i koptisk: Ein av grunnane til å lære seg koptisk er at neste gong det dukkar opp eit til no ukjend evangelium er sjansane store for at det er skrive på koptisk. Siste dømet på det er Judas-evangeliet som vart kjend i 2007.
 

– Vi lever i håpet om at det dukkar opp nye hemmelege evangelium på koptisk, òg i framtida.