Hjem
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
Praksis

Praksisemne gav prosjektstilling

– Eg følte at eg fekk mykje meir ut av praksisen enn eg hadde forventa, seier Mairén Toni-Raniva Robertsen om praksisemnet AHKR201, som har ny søknadsfrist 1. november.

Hovedinnhold

Våren 2016 tilbyr institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) praksisemnet AHKR201 for tredje gong. Emnet gir studentar ei unik moglegheit til å få jobbe i eit museum og delta i forskjellige prosjekt og i den daglege drifta.


Instituttet førebur studentane på emnet med eit oppstartsseminar i januar, der studentane får greie på korleis dei kan bruke kompetansen sin i praksis. I dei neste seksten vekene emnet varer skal studentane bli betre kjende med korleis praksisplassen organiserer arbeidet sitt.
 

Kompetanse i praksis

I fjor vår var kulturvitskapstudenten Mairén Toni-Raniva Robertsen utplassert ved Vestnorsk utvandringssenter som er knytt til Museumssenteret i Hordaland. Ho fortel om ei god erfaring der ho fekk brukt kompetansen sin og fekk god kjennskap til kvardagen på senteret.


– Praksisplassen fekk ein del praktiske utfordringar som eg fekk ta del i. Det var både lærerikt og kjekt ettersom det gav eit godt innblikk i kva ein kvardag i arbeidslivet kan by på. Eg fekk også brukt den teoretiske kompetansen min i praksis, spesielt frå emnet KUVI203 – Museologi som eg tok samtidig. Dette følte eg var veldig givande.

 

Nyttige attestar

Studentar i emnet får både attest og referanse frå praksisplassen. Dette er gull verdt ifølgje Mairén, som fekk seg ei prosjektstilling knytt til Museumssenteret i Hordaland berre nokre månadar etter praksisslutt.
 

– Ver tydeleg om kva du har lyst å lære og ikkje ver redd for å spørje om hjelp dersom det er noko du ikkje forstår. Og ikkje minst ver ambisiøs og jobb hardt, er nokre av tipsa Mairén gir nye studentar på AHKR201.
 

Studentane skriv ein praksisrapport på om lag 5000 ord, og har ein munnleg eksamen i slutten av semesteret.