Publiserte prosjektsøknad som fagfellevurdert artikkel
Sidan mange idear forsvinn når prosjekt ikkje får støtte Forskingsrådet, publiserte Michael Stausberg og Florian Jeserich søknaden sin som artikkel.

Hovedinnhold
– Det er mange gode idear som forsvinn når prosjektsøknadar ikkje får støtte frå Noregs Forskingsråd (NFR) og samstundes er det ikkje alltid klårt kva som er grunnen til at eit prosjekt blir refusert, fortel Michael Stausberg, professor i religionsvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR).
I møte med denne situasjon har Stausberg, saman med Florian Jeserich, publisert ein tidlegare NFR-søknad som artikkel i det tyske fagfellevurderte Open Access-tidsskriftet Zeitschrift für Nachwuchswissenschaftler («Tidsskrift for unge forskarar»). Artikkelen heiter «Making sense of July 22nd: Outcomes of secular and religious/spiritual reappraisal and coping processes from a meaning-making perspective. A Research Proposal and its Evaluations».
– Tidsskriftet har ein eigen seksjon med prosjektidear og søknadar, noko som skal vise korleis prosjektsøknadar blir vurderte. Artikkelen vår inneheld difor vurderingsrapporten frå NFR og ei ny fagfellevurdering av den opphavlege søknadsteksten, utdjupar Stausberg.