Hjem
Aktuelt
UTDANNING

Vil revolusjonera geo-faget

Prosjektet iEarth vil samla dei store aktørane innan geofagleg utdanning. No er prosjektet i finalerunden for å verta eit Senter for framifrå utdanning (SFU).

Bilete frå feltarbeid med studentar.
SØKJER ELITESTATUS: Utdanningssenteret iEarth søkjer status som Senter for framifrå utdanning. iEarth sine studentar skal tidleg ut i forsking og feltarbeid.
Foto/ill.:
Jostein Bakke

Hovedinnhold

Gjennom iEarth skal ein nasjonal dugnad betra undervisinga og utdanna studentar som står betre rusta til å vera med og løysa viktige samfunnsutfordringar i framtida.

– Geofaget er i endring. Fagfolk har vore premissleverandørar for Noreg i heile etterkrigstida, med tanke på oljeutvinning og infrastruktur. No trengst fagfolk med geo-bakgrunn til å møta nye utfordringar me står ovanfor. Til dømes fører klimaendringar til auka frekvens av naturkatastrofar, industrien treng stabil tilgang til geologiske mineral ressursar og verda står framom ei omstilling til fornybare energiformer, seier Jostein Bakke, professor ved Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen (UiB).

Det føreslåtte senteret iEarth (fullt namn Centre for integrated Earth System Education) planlegg å rusta studentar til å løysa utfordringane. Bakke leiar arbeidet med prosjektet, som no er ein av ni i finalen om å få status som Senter for framifrå utdanning (SFU).

(Sjå faktaboks for meir om SFU).

– Me vil revolusjonera undervisningsmetodar og det nasjonale samarbeidet innan geo-faget, seier Bakke.

Dannar "landslag"

Revolusjonen kjem mellom anna gjennom eit nasjonalt samarbeid mellom dei fire sentrale undervisingsaktørane på fagfeltet: Institutt for geovitskap ved UiB, Institutt for geofag ved Universitetet i Oslo, Institutt for geologi ved Norges Arktiske Universitet og Arctic Geology Department ved Universitetssenteret på Svalbard.

­– Det er eit stort konsortium bak denne søknaden, og saman skal med danna eit landslag og løfta geofaget opp på eit nasjonalt nivå og samarbeida betre enn i dag, seier Bakke.

Dei fire samarbeidspartnerane har ulike kompetansar og vil saman gje studentane eit heilskapleg syn på faget, meiner Bakke.

­– Me er eit lite land, men har mangla møtestader for å diskutera og forbetra utdanninga. Det vil vera heilt unikt å få store ressursar til undervising, seier han.

Meir spontane feltarbeid

Det er eit viktig mål ved iEarth å laga eit betre utdanningsløp for studentane. Bakke meiner studentane gjennom iEarth vil merka stor skilnad.

Eit av måla ved senteret er å laga tydelege undervisingsplanar, slik at studentane veit kva dei går til. Eit anna mål er at studentane tidleg skal ut i forsking, i både store og små prosjekt.

– Det vert viktig for studentane å sjå heilskapen i faget. Dette vil vera tett kopla til aktuelle  samfunnsutfordringar, og me vil vera på hugget. Studentane våre kan til dømes reisa til eit nyleg gått ras, observera og skrive ein rapport.

Vil endra haldningar

Ikkje minst trur han at SFU-status vil tyda mykje for fagmiljøet og skapa ei kulturendring der undervising vert viktigare.

– Det er eit mål for oss å endra haldningane til undervising. Medlemmene i konsortiet sit med enorm kompetane som må formidlast til studentane, men ofte forsvinn dette aspektet i forskarjaget.

Ei kulturendring kan skje gjennom betre møteplassar mellom undervisarane og meir nasjonalt samarbeid. I tillegg vil ein bruka pengar på å frikjøpa forskarar, som kan via tida si til undervising og å utvikla nye læreplanar og evaluera undervisinga.

Vil leggast merke til internasjonalt

Det er stor entusiasme rundt iEarth, særleg knytt til å sameina styrkene til dei fire samarbeidspartnerane.

– Om me koplar styrkene våre saman vil dette leggast merke til internasjonalt. Me vil ha eit globalt nedslagsfelt. Me må vera ambisiøse, og må ha relevans utanfor Noreg sine grenser. Det er vårt store fortrinn, at me skal utdanna dei som kan løysa høgaktuelle problemstillingar, seier Bakke.