UiB i topp 200 på QS-rangeringa
Universitetet i Bergen er framleis mellom dei 200 beste universiteta i verda, i følgje QS-rangeringa for 2016.

Hovedinnhold
Universitetet i Bergen (UiB) vert rangert som det 177. beste universitetet i verda på QS World University Rankings, og har dermed vore mellom dei 200 beste universiteta i verda sidan 2009 på denne universitetsrangeringa.
– Det er alltid hyggeleg å sjå at jobben som kvar dag vert lagt ned ved UiB vert anerkjent internasjonalt. Sjølv om ein heilt sikkert kan diskutere kor viktige slike rangeringar er, er vi glade for at vi også i år er inne iblant dei 200 beste universiteta i verda, seier rektor ved UiB, Dag Rune Olsen.
Fire plassar opp
QS World University Rankings er ein av dei tre store universitetsrangeringane som vert lansert i løpet av hausten. Så langt er den såkalla Shanghai-rangeringa lansert. Seinare i haust kjem Times Higher Education si rangering.
På rangeringa for 2015/16 vart UiB rangert som nummer 181, og har med det rykka opp fire plassar frå sist år.
Internasjonalt er det tre amerikanske universitet i topp tre: Massachusetts Institute of Technology, Stanford University og Harvard University. Dei beste europeiske universiteta er University of Cambridge og University of Oxford, som vert rangerte som høvesvis dei 4. og 6. beste universiteta.
I Noreg vert Universitetet i Oslo rangert som nummer 113, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet som 259, og UiT Norges arktiske universitet vert plassert på 377. plass.
Skårar på siteringar og internasjonalt tilsette
QS-rangeringa nyttar seks indikatorar for å rangere universiteta (Sjå faktaboks).
Det er ingen store endringar for UiB på nokon av indikatorane, og det er registrert positive endringar innan siteringar og talet på internasjonale tilsette.
- Vi er glade for at vi ser positive endringar på indikatorane for siteringar og internasjonale tilsette. Vi er eit forskingsuniversitet med internasjonale ambisjonar og då er vi opptekne av å gjere det godt innan desse områda, seier Olsen.