Hjem

Aktuelt

Nyhet

Størst gjennomslag på arktisk forsking i Noreg

Den arktiske forskinga ved Universitetet i Bergen har størst gjennomslag internasjonalt blant dei norske universiteta. Universitetet er det sjuande mest siterte i verda, viser ei ny undersøkjing.

Snøscooter på Svalbard
I VERDSTOPPEN INNAN POLARFORSKING: Universitetet i Bergen er blant dei 10 mest siterte universitet i verda når det gjeld arktisk forsking.
Foto:
Kim E. Andreassen, UiB

Arktisk forsking ved Universitetet i Bergen (UiB) har stort gjennomslag på verdsbasis. UiB sine forskarar på feltet er dei sjuande mest siterte av dei 170 største forskingsinstitusjonane innan arktisk forsking.

Ei sitering inneber at forskarar viser til andre si forsking i ein vitskapleg artikkel, og fortel mykje om gjennomslaget i forskinga. Universitetet i Oslo er det 14. mest siterte universitetet, medan Norsk Polarinstitutt og Universitetet i Tromsø er dei 19. og 23. mest siterte.

–  Rapporten viser at vi er klart best av dei norske universiteta og også gjer det særs godt internasjonalt når ein ser på gjennomslag av forskinga målt i siteringar. Siteringar er eit objektivt mål og vi er glade for at vi gjer det godt på dette feltet, seier rektor ved UiB, Dag Rune Olsen.

– Arktisk forsking er eit område som får mykje merksemd. Tala viser at det er ei sterk auke i talet på publiserte artiklar, både ved UiB, Noreg og internasjonalt, seier Øyvind Paasche, leiar for Bergen marine forskingsklynge og aktiv i den arktiske forskinga ved UiB.

UiB er den 13. mest produktive institusjonen på verdsbasis. Mellom 2011 og 2015 har forskarar frå universitetet publisert kring 600 artiklar på det arktiske forskingsfeltet.

Undersøkinga er publisert av The University of the Arctic (UArctic) som er eit samarbeidsnettverk med medlemmar frå 170 universitet og forskarinstitusjonar. Alle medlemmene er aktive i polar forsking eller utdanning. Undersøkinga er basert på tal frå Scopus, ein akademisk database for samandrag og referansar for artiklar i forskingstidsskrifter.

– Tala frå UArctic viser at UiB er ein internasjonal aktør når det gjeld arktisk forsking, seier Paasche.

Samarbeid og klimaforsking gjer UiB sterke

Jostein Bakke er professor ved Institutt for geovitskap. Han trur at samarbeid er nøkkelen til at UiB har utvikla gode forskingsmiljø på det arktiske feltet.

– Me er eit lite land og feltarbeid er dyrt. Folk er medvitne om at samarbeid vert viktig for å oppnå det me vil, og det gjer oss også betre, seier Bakke.

Bakke er leiar for prosjektet iEarth, som vil samla dei store aktørane innan geofagleg utdanning. Prosjektet er i finalerunden for å verta eit Senter for framifrå utdanning (SFU).

Han peiker også på klimaforskingsmiljøet ved UiB som ein faktor for kvaliteten på den arktiske forskinga.

– Det er eit sterkt klimaforskingsmiljø ved UiB.  Denne forskinga er tett knytt til arktiske område, og det er igjen ei styrke for arktisk forsking, seier geologiprofessoren.

Kvalitet må gjerast kjent

- Vi veit at dette er eit forskningsfelt som får stadig større merksemd internasjonalt, også fordi dette er eit felt med store geopolitiske interesser. Dei stigande tala på forskningspublikasjonar viser at potensialet er stort. Ved UiB skal vi utnytte dette mulighetsrommet i åra som kjem, seier rektor Dag Rune Olsen.

Både Bakke og Paasche trur også at den arktiske forskinga ved UiB har potensial til å verta endå betre. Bakke meiner ein bør gjera meir ut av dei gode samarbeida ein alt har, mellom anna Universitetssenteret på Svalbard, UNIS.

Paasche meiner at UiB bør synleggjera at den arktiske forskinga er i verdsklasse.

– Vi er eit mellomstort universitet, men både talet og kvaliteten på forskinga er svært god. Det bør vi bli betre på å gjera meir tydeleg og synleg, utover gode eksisterande initiativ som til dømes Polarforskingsnettverket, seier Paasche.

Bakke trur UiB har mykje å henta gjennom auka internasjonalt samarbeid.

– Vi er gode på å delta i internasjonale nettverk i dag, men vi bør kanskje ta leiarskapen i visse av dei. I tillegg bør vi nytta EU-samarbeid i høgare grad enn i dag, seier han.

Professoren er ein av 180 medlemmer i Polarforskingsnettverket, ein møteplass for UiB-forskarar innan polar forsking og utdaning.

– Eit av måla for nettverket er å synleggjera kor store UiB faktisk er innan den polare forskinga. Vi ynskjer også å skapa samarbeid, dette er eit tverrfagleg nettverk der forskarar frå fleire fagfelt møtest, seier Bakke.