Kreftbehandling med mindre stråleskadar
Då Kristian Smeland Ytre-Hauge skreiv masteroppgåve om kreftbehandling med partikkelterapi, var det ikkje i tankane hans at han ein dag sjølv skulle bidra med å få denne teknologien til Bergen.

Hovedinnhold
– Det er veldig motiverande å få lov til å jobbe innafor eit felt som er i konstant utvikling, meiner Kristian Ytre-Hauge, som er tilsett som forskar ved Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen (UiB).
I desember 2014 vart han tildelt 8 millionar kroner av Bergen Forskningsstiftelse (BFS) for å leie eit forskingsprosjekt på partikkelstråling, med eit mål om etter kvart å kunne tilby skånsam strålebehandling i Bergen.
Ei alternativ strålebehandling
Partikkelterapi er eit samleomgrep for strålebehandling med proton og tyngre ion, som karbon. Denne behandlinga er eit alternativ til tradisjonell kreftbehandling med stråleterapi. Ved å bruke partikkelterapi, kan ein gje høgare stråledosar, men på same tid få mindre stråleskadar.
– Det spesielle med protonstråling er at stråledosane kan bereknast på millimeteren og dei kan dermed konsentrerast i eit svært lite område, akkurat der svulsten ligg. Verknaden på vevet rundt svulsten blir derfor liten, og biverknadane færre, forklarer Ytre-Hauge.
På grunn av desse fordelane kan partikkelstråling bli brukt til å stråle nær sensitive stader som hovud og bryst. Behandlinga er spesielt godt egna for barn med kreft. Dette fordi den gjev mindre strålebelastning til det friske vevet rundt svulsten, noko som gjev mindre biverknader.
Ferskt felt i Noreg
I dag er det om lag 60 partikkelterapisenter i drift rundt om i verda, og nesten like mange er under planlegging eller bygging. Hausten 2015 vart dei to første pasientane behandla ved den ferdigstilte Skandionklinikken i Uppsala i Sverige.
– Sverige ligg eit godt stykke framfor oss i utviklinga. Her i Noreg har vi sendt pasientar til utlandet for å få utført partikkelterapi, men fleire hadde nok fått moglegheita dersom vi hadde hatt tilbodet her heime, seier Ytre-Hauge.
Han meiner det er viktig at Noreg no for fullt tek del i utviklinga.
– Det er krevjande og kostbart å sende folk ut av landet for å få behandling, og fleire legar her heime begynner nok å føle at tida er moden for å kunne tilby partikkelterapi i Noreg, seier Ytre-Hauge.
Eksperimentelle målingar
For Ytre-Hauge sjølv vart interessa for partikkelterapi vekt då han vart introdusert for medisinsk fysikk under bachelorutdanninga ved Universitetet i Bergen.
– På det tidspunktet eg fann ut at eg ville skrive masteroppgåve om partikkelterapi, var det gjort svært lite på dette feltet i Noreg. Etter kvart har det jo blitt starta opp ein prosess med å på sikt kunne tilby partikkelterapi her i Noreg òg, men det var ikkje noko vi tenkte på då, smiler han.
Han kom tidleg i kontakt med stråleterapimiljøet, og dei som skulle bli rettleiarane hans på både master- og doktorgradsnivå, Odd Harald Odland og Dieter Røhrich. Under arbeidet med doktoravhandlinga reiste Ytre-Hauge til GSI Helmholtzzentrum für Schwerionenforschung i Heidelberg i Tyskland, der han utførte eksperimentelle målingar av stråling. GSI er eit verdsomspennande storskala akseleratoranlegg for tunge ion som blir brukt til eksperiment av forskarar frå heile verda.
Må spele på lag
I slutten av 2015 publiserte Ytre-Hauge ein artikkel, basert på tidlegare arbeid.
– Artikkelen handlar om eit prosjekt der vi utviklar ein strålingsdetektor, det vil seie eit apparat for å måle strålemengda til friskt vev. Den kan brukast til å vurdere langtidsutsikter ved strålebehandling, forklarar han.
BFS-midlane gjer det mogleg å sørgje for ei brei forsking på partikkelterapi, der fleire doktorgradsstipendiatar og forskarar ved Haukeland og IFT er involverte.
– Dette er eit felt som krev at du spelar på lag med andre. Det er så mange ulike aspekt ved partikkelterapi, alt frå å utbetre avbildingsmetodar, til styring av behandling og forsking på biologiske effektar, forklarar han.
Ytre-Hauge samarbeider tett med Haukeland universitetssjukehus, der han også held til ein dag i veka. Målet er òg å tilknytte seg fleire internasjonale samarbeidspartnarar, for å auke kompetansen.
Avhengig av politisk vilje
Sidan 2013 har ein utgreia kvar nye regionale protonsenter skal opprettast i Noreg. Sluttrapporten bestilt av regjeringa tilrår etablering av protonsenter i Bergen og Oslo. Håpet er å kunne tilby partikkelbehandling i Bergen frå første halvdel av 2020-talet, og Ytre-Hauge er optimistisk.
– Dette er absolutt eit realistisk mål, men vi er avhengige av politisk vilje og ein kontinuerleg planleggingsprosess framover for å kome i mål, seier han.