Alzheimers-film vann Gulluglen 2016
Den amerikanske dokumentaren Monster in the Mind er vinnar av Gulluglen 2016, ein årleg filmpris frå UiB og BIFF.

Hovedinnhold
Kvart år deler Universitetet i Bergen (UiB) og Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF) ut Gulluglen, ein pris til den beste forskingsdokumentaren på festivalen. Prisen er på 25 000 kroner, eit bilete av Harald Kryvi og eit diplom.
Dokumentarisk blikk på Alzheimers
Vinnaren i år er altså “Monster in the Mind”, ein film som utforskar kva som skjuler seg bak den frykta sjukdommen Alzheimers.
I si grunngjeving seier juryen følgjande om vinnaren:
“This year's winner of the Golden Owl Prize is a wonderful example of how science can enlighten questions of individual and societal concern. With engagement, curiosity, and personal investment, the audience is guided through the film’s multiple perspectives and facts, without losing momentum.”
Og juryen held fram:
“Against the enduring question of nature versus nurture, we follow three decades of research, encounter personal nightmares and shifting opinions, in an ever widening search for preventive measures of Alzheimer’s disease, which is portrayed as a slowly unfolding epidemic.”
Verdien av vitskapleg tenkjing
Den fulle lista av nominerte til Gulluglen 2016:
- DAMIANA KRYYGI
- JHERONIMUS BOSCH, TOUCHED BY THE DEVIL
- MONSTER IN THE MIND
- SPACESHIP EARTH
- THE ALTRUISM REVOLUTION
- THINKING SPACE
Formålet med prisen er å vise verdien av film som formidlar innsikt i vitskapleg tenkjing, metodar og resultat, og slik bidrar til å styrke eit fritt, kritisk og opent offentleg ordskifte og ein kunnskapsbasert samfunnsutvikling. Juryen er samansett av fem representantar frå ulike fagfelt og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Prisen vart delt ut på Røkeriet USF tirsdag 27. september 2016.