UiB i topp 250 på ny rangering
Universitetet i Bergen vert rangert som mellom dei 201 til 250 beste universiteta i verda på universitetsrangeringa Times Higher Education.

Hovedinnhold
I 2016 vert Universitetet i Bergen (UiB) rangert som mellom dei 201 og 250 beste universiteta i verda. I 2015 vart universitetet plassert på ein 182. plass på verdsbasis.
Times Higher Education (THE) rangerer årleg dei beste universiteta i verda ved å sjå på fem hovudindeksar: undervising, forsking, siteringar, kunnskapsoverføring og internasjonalt engasjement.
– Vi registrerer at vi går noko ned samla på årets rangering, seier rektor ved UiB, Dag Rune Olsen.
Forsking med påverknad
Dei mest positive tala for UiB er å finna i indeksen ”Siteringar”. Universitetet sine forskarar og deira forsking vert ofte sitert og brukt av andre forskarar.
UiB får 86,2 poeng på denne indeksen, ei betre utteljing enn i 2010, då UiB vart rangert som det 135. beste universitetet i verda av THE.
– Vi er godt nøgde med gode tal for siteringar og internasjonalt engasjement. Sjølv om vi alltids kan diskutere innholdet i slike rangeringar og kor mykje dei bør vektleggast, fortel desse resultata at forskinga har gjennomslag internasjonalt. Det er viktig for oss som eit internasjonalt forskingsuniversitet med høge ambisjonar, seier rektor Dag Rune Olsen.
UiB har også ein positiv endring på indeksen ”Internasjonalt engasjement”, med 74 poeng, mot 70 i 2015.
Stabilt på rangeringane
THE er den tredje av dei store universitetsrangeringane som vert lansert kvar haust.
QS World University Rankings rangerer UiB som det 177. beste universitet i verda.
Trass variasjonar er UiB stabilt plassert på alle dei tre rangeringane. Kvar rangering nyttar liknande, men samstundes noko ulike metodar for å måla universiteta.