Hjem
Aktuelt
Bok

Å lære gjennom konkrete erfaringar

Korleis skal naturfag verta både kjekt og nyttig for elevane? Boka «Erfaringsbasert læring» tar på seg ansvaret.

Erfaringsbasert læring, bokomslag
LÆRING OG ERFARING: Forfattarane av boka «Erfaringsbasert læring» trur bidraget kan vera med på å skapa positive endringar i skulen.
Foto/ill.:
Jan Kåre Wilhelmsen, UiB

Hovedinnhold

Norske elevar ligg under det europeiske snittet i naturfag. Forfattarane trur boka kan vere med på å endre dette. Eit av måla med boka er å legge grunnlaget for at alle elevar i ei klasse skal delta og reflektere meir enn i dag. Alle skal få ei kjensle av å meistre faget.

– Boka prøver å gjere det mogeleg å delta i naturfagsundervisinga for absolutt alle, sjølv om ein ikkje har all kunnskapen. Alle skal bidra, seier Stein Dankert Kolstø, professor ved Institutt for fysikk og teknologi.

Han har skrive boka saman med Frede Thorsheim og Mari Ugland Andresen.

– Vi trur boka kan vere med på skape forandring i skulen, der elevane får gjera seg erfaringar og får ein ny innfallsvinkel til det å lære. Elevane får kunnskap dei kan bruka i sine daglege liv, seier Thorsheim.

Meir refleksjon

Thorsheim er tilknytt Skolelaboratoriet i realfag, som held kurs for lærarar og lagar læringsressursar for lærarar.

Boka er meint for lærarar og studentar på høgskule eller universitet.

I den norske skulen i dag er det ein tendens til mykje aktivitet, men ikkje nok refleksjon, og ikkje nok fokus på at kunnnskapen skal brukast til noko, meiner dei.

– Mange lærarar leitar etter gode aktivitetar som kan engasjere elevane. Det svarar vi på i denne boka, seier Thorsheim.

Å lære gjennom å gjere

Nøkkelen til god læring ligg i deltaking. I undervisings-idealet i boka skal elevane gjera seg konkrete erfaringar, som dei reflekterer over i gruppearbeid. Fagterminologi og tung teori kjem etterpå, og gir ei djupare forståing av det elevane har undersøkt.

– Det dei lærer skal gi elevane meining til noko i verkelegheita, seier Kolstø.

Forfattarane nemner eit døme der elevar på eit bedriftsbesøk fekk løfta tre like store sekkar, som viste seg å ha svært ulik vekt og innhald. Etterpå diskuterte dei korleis dette kunne ha seg.

– Slik lærer dei seg om massetettleik, volum og pakking. Ei slik utflukt skapar grunnlag for diskusjon rundt matematikk og naturfag-tema for fleire veker, ler Thorsheim.

Den relevante skulen

Ei slik erfaring skapar engasjement for å finne forklaringar. Boka viser fleire sliker erfaringar, der elevane får møte skulefaga i praksis. Elevane får også vere med på å påvirke lokalsamfunnet sitt gjennom skulearbeidet. Til dømes har elevar ved Ytrebygda skole undersøkt miljøaspekta ved å få Bybanen til sitt nærområde.

– Det å gi elevane ei erfaring og deltaking gir elevane meir enn det å lese og pugge, seier Kolstø.

– Dette er ekte erfaringar. Vi vil gjere undervisinga aktuell, nyttig og undersøkt med vitskaplege metodar. Då vil elevane erfare at naturfaga er viktig for dei, legg Thorsheim til.