Australsk æresmedalje til UiB-professor
Professor Michael Fellows er utnemnt til Companion of the Order of Australia.

Hovedinnhold
I september 2016 vart professor Michael Fellows utnemnt til Comapanion of the Order of Australia, som takk for utmerka tenester innan høgare utdanning, særleg på feltet teoretisk informatikk. Fellows er professor ved Institutt for informatikk ved Universitetet i Bergen (UiB).
The Order of Australia er den einaste riddarordenen Australia deler ut. Ordenen vart etablert i 1975 av Elizabeth II, Dronning av Australia, for å prise australske borgarar og andre for deira prestasjonar eller tenester.
Michael Fellows er rekna som grunnleggjar og leiar av den relativt nye greina av informatikk, kalla ”parametrisert kompleksitet”. I januar 2016 vart han tilsett som professor ved UiB, gjennom Bergen Forskningststiftelse (BFS) sitt ”Toppforsk”-program.