Hjem
Aktuelt
Nyhet

Her er dei mest siterte UiB-forskarane

Arkeolog Christopher Henshilwood og hjerteforskar Kenneth Dickstein er begge på lista over dei mest innflytelsesrike forskarane i verda.

Christopher Henshilwood and Kenneth Dickstein
INNFLYTELSESRIKE PROFESSORAR: Professorane Christopher Henshilwood (til venstre) og Kenneth Dickstein er på lista over dei mest innflytelsesrike og siterte forslarane i verda.
Photo:
Eivind Senneset, UiB/Privat

Innhold

I følgje rangeringa Highly Cited Researchers 2016 er forskarane Christopher Henshilwood og Kenneth Dickstein mellom dei mest innflytelsesrike forskarane i verda. Begge er professorar ved Universitetet i Bergen (UiB).

“Highly Cited Researchers from the Intellectual Property (IP) and Science business of Thomson Reuters” er ei årleg liste over dei mest anerkjende forskarane i alle disiplinar. Lista for 2016 fokuserer på notidige forskarsuksessar – berre ofte siterte artiklar i vitskaplege tidsskrift, indekserte i Web of Science Core Collection mellom 2004 og 2014 er registrerte.

Arkeologisk pioner

Christopher Henshilwood er professor ved Institutt for arkeologi, historie, kulturvitskap og religion på UiB og det sør-afrikanske University of the Witwatersrand. Han leiar prosjektet Centre for Early Human Behaviour (EHB) Homo Sapiens Behavioural Evolution 100-50 000 Years, South Africa, som no er med i konkurransen om å få status som Senter for framifrå forsking (SFF). Ordninga er Forskingsrådets fremste virkemiddel for å fremje kvalitet i norsk forsking. Henshilwood har tidlegare leia prosjektet TRACSYMBOLS og har vore støtta av ERC, Det europeiske forskingsrådet.

Professor Francesco d’Errico er også på lista over dei mest innflytelsesrike forskarane i verda. Han er tett knytt til EHB-prosjektet, og tidlegare professor II ved UiB.

Framifrå kardiologi-forsking

Kenneth Dickstein er professor ved Klinisk institutt 2 samt overlege på Stavanger Universitetssjukehus, og spesialiserer seg innan kardiologi eller hjarteforsking. Dickstein har doktorgrada frå UiB, og har også forska ved Harvard Medical School. Han er ein av dei mest siterte medisinarane i Noreg, og har mellom anna fått Hjarteforskingsprisen 2016 frå Nasjonalforeininga for folkehelsa. Prisen fekk han for sitt avgjerande forskingsbidrag innan hjarte- og karforsking, og for rolla i oppbygginga av sitt akademiske miljø.