Hjem
Aktuelt
INNOVASJON

Opna pilotanlegg for mikroalgar på Mongstad

Tirsdag 22. november opna næringsminister Monica Mæland Universitetet i Bergen sitt nye pilotanlegg for dyrking av mikroalgar på Mongstad. Målet er å utvikle mikroalgar som eit nytt verdifullt fôrråstoff for havbruksnæringa.

Det nye algepilotanlegget på Mongstad
Algekulturen veks og gjer sjøvatnet i rørsystema stadig grønare, konstaterer (f.v) Jeroen de Vree, forskar, Uni Research, prosjektleiar Hans Kleivdal, forskningsdirektør, Uni Research Miljø og førsteamanuensis, Universitetet i Bergen, Dorinde Kleinegris, seniorforskar, Uni Research og Tom Roger Lid, prosessingeniør, CO2Bio.
Photo:
Thor Brødreskift

Innhold

I dag blir fiskeolje brukt som omega-3-kjelde i fiskefôr, men ressursane er knappe, og behovet for nye omega-3-kjelder er stort. Dersom ein kan bruke mikroalgar, som er lenger nede i næringskjeden, vil det gi ein langt meir bêrekraftig ressurbruk enn i dag.

I det nye pilotanlegget vil ein utnytte fotosyntesen, kombinasjonen av næringsstoff, vatn, CO2 og sollys, til å produsere algane.

Større skala
Til no har dyrking av lovande algestammar blitt prøvd ut i et laboratorieanlegg på Institutt for biologi ved Universitetet i Bergen (UiB). Heretter kan produksjonen av desse skje i eit større anlegg, slik at næringa får testa ut bruken av omega-3-rike algar i fiskefôr i industriell skala.

– Pilotanlegget gir grunnlag for å utvikle meir kunnskap om heile verdikjeden, frå val av rett type mikroalge fram til produksjon av omega-3-fettsyrer, seier Hans Kleivdal. Han er forskingsdirektør ved Uni Research Miljø, førsteamanuensis II ved Universitetet i Bergen og fagleg ansvarleg for prosjektet.

Anlegget er plassert like ved Teknologisenter Mongstad (TCM), og får levert CO2 derfrå. Teknologisenteret er bygd for å kunne fange 100 000 tonn CO2 i året. Fram til no har gassen blitt sloppe ut til luft. No vil delar av den komme til nytte i produksjonen av mikroalgar.

Fôrforsøk til våren
I første omgang vil fem ulike algetypar bli testa ut. Nokre av dei har sine naturlege livsmiljø i norske fjordar, nokre i områda rundt Svalbard. For det er i nordområda ein har mest sjanse for å finne dei omega-3-rike algane. Algane utviklar omega 3-fettsyrer i cellemembranane som held dei plastiske i det kalde vatnet.

Utover vinteren skal dei ulike algetypane dyrkast fram i anlegget på Mongstad, og til våren skal ein etter planen starte dei første forsøka med bruk av mikroalgane til laksefôr.

Hans Kleivdal ser fram til å komme i gang.

­– Det å bygge dette anlegget med drivhus og røyrsystem har vore eit innovativt utviklingsprosjekt  i seg sjølv.  No blir det ein testperiode for å køyre inn anlegget. Og så blir det verkeleg interessant når vi kjem i gang med dyrking og fôrforsøk.

­– Vi håpar dette kan være eit steg på vegen mot ein fullskalaproduksjon av mikroalger, og eit fôr som kan erstatte dagens bruk av fiskeoljer, seier han.