Hjem
Aktuelt
INNOVASJON

Eit pilotanlegg for framtida

– Eg vil berømme evna forskarane her har hatt til å tenkje utanfor boksen, sa næringsminister Monica Mæland under opninga av UiB sitt nye algepilotanlegg på Mongstad.

Næringsminister Monica Mæland opnar det nye algepilotanlegget på Mongstad.
Næringsminister Monica Mæland sto for den offisielle opninga av det nye algepilotanlegget på Mongstad.
Foto/ill.:
Anders Kjetland

Algepilotanlegget på Mongstad opna 22. november, og nærare 100 gjester frå politikk, offentleg sektor, næringsliv og forsking hadde teke turen for å sjå det nye anlegget som vil forske på omega 3-rike alger som ein ny fôrressurs.

Næringsminister Monica Mæland framheva det gode samarbeidet mellom forsking, næringsliv og politikk i prosjektet.

– Nytenkinga og samarbeidet i dette prosjektet er eit godt døme på kva som blir viktig når vi skal finne måtar å leve av havet på, sa Mæland.

Bidra til berekraft
– Tenk at CO2 skulle bli ein ressurs, sa rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen i si velkomsthelsing. Han peikte på at algepilotanlegget kan bli ei viktig brikke for å sikre at den framtidige veksten i norsk havbruk skjer på ein berekraftig måte.

I dag blir fiskeolje brukt som omega-3-kjelde i fiskefôr, men ressursane er knappe, og behovet for nye omega-3-kjelder er stort. Dersom ein kan bruke mikroalgar, som er lenger nede i næringskjeden, vil det gi ein langt meir berekraftig ressurbruk enn i dag.

I det nye pilotanlegget vil ein utnytte fotosyntesen, kombinasjonen av næringsstoff, vatn, CO2 og sollys, til å produsere algane.

Større skala
Til no har dyrking av lovande algestammar blitt prøvd ut i et laboratorieanlegg på Institutt for biologi ved Universitetet i Bergen (UiB). Heretter kan produksjonen av desse skje i eit større anlegg, slik at næringa får testa ut bruken av omega-3-rike algar i fiskefôr i industriell skala.

– Pilotanlegget gir grunnlag for å utvikle meir kunnskap om heile verdikjeden, frå val av rett type mikroalge fram til produksjon av omega-3-fettsyrer, seier Hans Kleivdal. Han er forskingsdirektør ved Uni Research Miljø, førsteamanuensis II ved Universitetet i Bergen og fagleg ansvarleg for prosjektet.

Algeanlegget er plassert like ved Teknologisenter Mongstad (TCM), og får levert CO2 derfrå. Teknologisenteret er bygd for å kunne fange 100 000 tonn CO2 i året. Fram til no har gassen blitt sloppe ut til luft. No vil delar av den komme til nytte i produksjonen av mikroalgar.

Fôrforsøk til våren
I første omgang vil fem ulike algetypar bli testa ut. Nokre av dei har sine naturlege livsmiljø i norske fjordar, nokre i områda rundt Svalbard. For det er i nordområda ein har mest sjanse for å finne dei omega-3-rike algane. Algane utviklar omega 3-fettsyrer i cellemembranane som held dei plastiske i det kalde vatnet.

Utover vinteren skal dei ulike algetypane dyrkast fram i anlegget på Mongstad, og til våren skal ein etter planen starte dei første forsøka med bruk av mikroalgane til laksefôr.

Hans Kleivdal ser fram til å komme i gang.

­– Det å bygge dette anlegget med drivhus og røyrsystem har vore eit innovativt utviklingsprosjekt  i seg sjølv.  No blir det ein testperiode for å køyre inn anlegget. Og så blir det verkeleg interessant når vi kjem i gang med dyrking og fôrforsøk.

­– Vi håpar dette kan være eit steg på vegen mot ein fullskalaproduksjon av mikroalger, og eit fôr som kan erstatte dagens bruk av fiskeoljer, seier han.