Hjem
Aktuelt
Nyhet

Støtte til nyskapande utdanningsprosjekt

Tre prosjekt som satsar på digital og aktiv læring får prosjektmidlar av Norgesuniversitetet. Eit av prosjekta skal inspirera undervisarane ved UiB med ny teknologi.

Laptop, telefon, illustrasjonsbilete
UTDANNING OG TEKNOLOGI: Tre prosjekt ved Universitetet i Bergen får prosjektmidlar av Norgesuniversitetet.
Foto/ill.:
Colourbox

Norgesuniversitetet deler kvart år ut prosjektmidlar til utdanningsprosjekt ved dei norske universiteta og høgskulane.

Ved Universitetet i Bergen (UiB) får tre prosjekt støtte:

  • “Teaching and Learning in the Digital Age: Online Tools and Assessment Practices” ved Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet.
  • ”Firenighet” ved Det juridiske fakultet.
  • ”Bedre språk, bedre jurister” ved det Juridiske fakultet.

Prosjektmidlane skal gå til prosjekt som ”fremmer utvikling og bruk av teknologi for læring og fleksible studietilbud i høyere utdanning” eller ”fremmer utdanningssamarbeid mellom høyere utdanning og arbeidsliv gjennom bruk av læringsteknologi”. I alt får 19 prosjekt støtte for 2017.

Oddrun Samdal, viserektor for utdanning ved UiB, er meir enn nøgd med tildelingane.

– Alle desse prosjekta kan vera gode modellar for andre og liknande prosjekt ved UiB, seier ho, og vi arbeider systematisk med å få til deling av god praksis.

Prosjektet  ”Teaching and Learning in the Digital Age” er eit godt døme på det.

– Det rettar seg mot våre undervisarar, og skal lære dei korleis dei kan bruka digitale verktøy i si undervising og vurdering. Dette skal koma heile UiB og våre studentar til gode, seier Samdal.

Ho legg til at UiB har lange tradisjonar for å satsa på nyskapande etter- og vidareutdanning og er difor glade for at eit av prosjekta også dekker dette området.

– Sidan åttitalet har me arbeidd med å ta i bruk den digitale og teknologiske utviklinga i etter- og vidareutdanning.

– Midlane til desse tre prosjekta er ein ny giv for våre satsingar,  seier Samdal, der vi ønskjer å arbeide både utoverretta og styrke vår eigen kompetanse gjennom å ta i bruk digitale verktøy, noko som er godt synleggjort i dei tre prosjekta som fekk tildelt midlar.