Hjem
Aktuelt
Gratulasjonar

Sigmund Grønmo vart feira i Universitetsaulaen

Professor i sosiologi og tidlegare UiB-rektor Sigmund Grønmo er 70 år.

Sigmund Grønmo feirer 70 år i Universitetsaulaen
Foto/ill.:
Sverre Ole Drønen

Sosiologiprofessoren frå Sømna i Nordland fekk 70-årsdagen markert den 28. mars i Universitetsaulaen mellom anna med kollegaer ved sosiologisk institutt og samfunnsvitskapleg fakultet. 

– Eg er glad for alle moglegheiter og faglege utfordringar eg opplevde i mi forskarkarriere. Ikkje minst er eg stolt over tilliten eg vart tildelt ved å få vere UiBs rektor i to periodar, seier Sigmund Grønmo, som også understrekar at UiBs rolle som internasjonalt universitet har vore viktig for han, og at han er glad for at globale samfunnsutfordringar er eit av UiBs strategiske samfunnsområde.

I tillegg til rektorrolla frå 2005 til 2013 har Grønmo før vore instituttleiar, dekan og prorektor ved Universitetet i Bergen. Sidan magistergraden i sosiologi i 1971 har han òg vore professor ved både UiO, BI og Samisk høgskole, samt vore forskingssjef ved Fondet for markeds- og distribusjonsforskning. 

Grønmo hadde si siste forelesning som professor i januar og er no pensjonert – men han har lova at han framleis vil vere synleg:

– Eg kjem ikkje til å gi meg. Eg kjem fram av og til frå mi pensjonisthole, sa han til På Høyden då.

Blant ei rekkje tidsskrift og bokutgivingar er han for studentar kanskje best kjend for boka Samfunnsvitenskapelige metoder (2004) – ein del av metodeundervisninga i ei rekkje nordiske utdanningar. Han har òg vore gjesteprofessor ved Dalhousie University i Canada, Illinois State University, University of California og University of Queensland.

Grønmo er også æresprofessor ved Charles Darwin University i Australia og styreleiar i Holbergprisen, ved sidan av ei rekkje andre verv og medlemskap i nasjonale og internasjonale organisasjonar, råd og styrer.