Hjem

Aktuelt

Nyheter

Årlege influensavaksiner hindrar ikkje naturleg immunitet

Ei nyleg publisert studie frå Influensasenteret i Bergen syner at det er ingen negative følgjer ved å ta årlege vaksiner.

Influensasenteret
Influensasenteret i Bergen er eit internasjonalt forskingslaboratorium og rådgivande organ for beskyttelse, kontroll og behandling av influensa.
Foto:
Britt Kristin Ese

Tidlegare studiar har antyda at årlege influensavaksiner kan føre til at ein ikkje utviklar ein naturleg immunitet, og difor vil vere meir utsett for å få influensa under ein pandemi, eller dersom sesongvaksinen ikkje samsvarar med viruset som sirkulerer i samfunnet.

Men no har forskarar ved Influensasenteret i Bergen nyleg publisert ei stor studie som konkluderer med at årlege influensavaksiner ikkje gjer ein meir mottakeleg for influensavirus i desse tilfella.

- Desse funna er kjempeviktige fordi dei syner at det er utelukkande positivt å ta årlege influensavaksiner, og at ein difor kan halde fram med å tilrå vaksine til risikogruppene, seier Professor Rebecca Cox, leiar for Influensasenteret i Bergen.

Betre førstelinjeforsvar

Forskarane ved Influensasenteret har over ein periode på fem år fulgt 250 helsearbeiderar. Desse fekk ei influensavaksine i 2009, og vidare årleg vaksinasjon eller ingen vaksinasjon i perioden 2010 - 2013. 3000 blodprøvar blei samla inn.

Resultata synte at helsearbeiderane som fekk årleg vaksine, og dei som ikkje fekk årleg vaksine, hadde det same andrelinjeforsvaret (antistoff som beskyttar mot infeksjon). 

Førstelinjeforsvaret (celler som kan drepe virusinfiserte celler etter at virus har komme inn og smitta cellene i øvre luftveg) var betre hos helsearbeiderane som hadde fått årleg vaksinasjon. Dei som hadde fått årlege vaksiner, hadde ikkje blitt hindra i å utvikle naturleg immunitet.

Viktig for risikogruppene

Nær 1,5 millionar menneske i Norge tilhøyrer grupper som har auka risiko for å få komplikasjonar av influensa. Fordi influensavirus endrar seg heile tida, er dette den einaste vaksinen ein anbefalar å ta årleg.

- For risikogruppene kan det å bli smitta føre til lungebetennelse, ein kan hamne på sjukehus, for dei eldre kan det bety at dei kanskje ikkje kjem heim igjen etter sjukehusopphaldet, og i verste fall kan dei dø. Difor er det så viktig at ein kan halde fram med å tilrå årlege vaksiner, og at ein veit at dette ikkje hindrar naturleg immunitet, seier Cox.

- Influensavaksiner har blitt brukt i over 50 år, men det er veldig få studier som klarar å følge dei same personane år for år. Dette er det første store studiet som baserer seg på ei gruppe som kan dokumentere kva influensavaksiner dei har fått og som veit når dei har hatt influensa.

 Funna er publiserte i det anerkjente nivå 2 tidsskriftet the Jounal of Infectious Diseases.