Hjem
Aktuelt
Kunstnerisk utviklingsarbeid

Skal vise performance om skjult aksjehandel på Venezia-biennalen

Synsmaskinen, leda av Frans Jacobi ved Institutt for kunst, viser performancen 2061 INMORAL LIDOS i Research Pavilion på biennalen i Venezia i 2017. Verket er inspirert av finanskrisen og tar tak i fenomenet Dark Pools.

Synsmaskinen
SYNSMASKINEN: Alle dei store politiske krisene i vår tid er tett forbunde. Det kunstneriske utviklingsprosjektet Synsmaskinen ved Institutt for kunst, UiB, dykker ned i sju kriser. Finanskrisen er utgangspunkt for eit verk dei deltek med på biennalen i Venezia.
Foto/ill.:
Synsmaskinen

– Tenk deg Wall Street-børsen.  Vi ser for oss med ei stor menneskemengd som ropar i munnen på kvarandre, men no er den datastyrt, det er ingen menneske til stades, og reaksjonane er automatiske. Eit konsern som Microsoft kan selge 20.000 aksjer og ingen veit om det, seier Frans Jacobi som er professor ved Institutt for kunst ved Fakultet for kunst,musikk og design og leiar for Synsmaskinen.

Synsmaskinen deltek på programmet for kunstnarisk utviklingsarbeid, under biennalen i Venezia, med performancen 2061 INMORAL LIDOS, eit verk som bygger på skjult aksjehandel.

– I følgje lovene som regulerer aksjehandelen på Wall street skal all handel vere transparent; prisen du sel for er offentlig, og det same med prisen du kjøper for. Men automatisert aksjehandel, kalla Dark pools, er mulig innanfor lova. Det er hemmeleg aksjehandel basert på algoritmer, og slik kan ein likevel handle aksjar utan offentleg innsyn

Sju kriser

Synsmaskinen er altså ikkje ei maskin, men namnet på ei kunstnarleg utforsking av sju kriser i samtida, frå klimakrise til finanskrise, til sosiale kriser og demokratiske kriser. Kunstnarane undersøker krisene på mange ulike måtar, ved bruk av film, performance, poesi, teater, dokumentar og vitenskap. Synsmaskinen er svært internasjonalt orientert, der til dømes eitt av dei sju delprosjekta, Burst,  tar for seg svære hol skapt av eksploderande metangass som har oppstått i Sibir.

Gjennom film blir vitskapleg diskurs, gammal mytologi frå urfolk som lever i området og politisk satire kombinert. I eit anna av dei sju delprosjekta, Dreams of a Sovereign Citizen, reiser Brandon LaBelle, professor i nye medier ved Institutt for kunst, rundt i verda med ulike performance-verk. Verka handlar om demokratisk krise og kjensla av tap mange borgarar kjenner på i dagens politiske klima. Eit anna av Synsmaskinens sju delprosjekt går på sosiale kriser og har namnet Utopimaskinen. Kort sagt kan ein seie at kapitalismens grep om kloden og menneska er omdreiningspunktet for Synsmaskinen.

Det som skjuler seg i mørkret

Performance-verket 2061 INMORAL LIDOS som blir vist i Venezia konsentrerer seg om eitt element i finanskrisa. Frans Jacobi og Benedicte Clementsen arbeider saman med den tyske/spanske performancegruppa Discoteca Flaming Star. Jacobi seier at fenomenet Dark Pools er kunstnerisk interessant av fleire grunnar:

– Dark pools er ein av måtane finansmarknaden driv det vi kallar ”shadow banking”.  I løpet av ti år har det gått frå å vere eit perifert fenomen til å stå for nesten halvparten av verdas aksjehandel, seier Jacobi.

– Det vi interesserer oss for er det vi ikkje veit, at vi ikkje har tilgang til sjølve fenomenet. Finanskrisen er permanent, den er ute av kontroll og dermed vanskeleg å løyse.  Ein journalist ville forsøke å finne ut av det han ikkje veit, finne sanning og avsløre, men som kunstnarar interesserer vi oss for fenomen vi ikkje veit noko om. Vi spør: Kva gjer det med vår forestillingsevne? Korleis rettar vi oss som alminnelege menneske til desse fenomena som til dømes Dark Pools?

Sex, sjukdom og tenåringsbarn

Dei fire kunstnarane frå Synsmaskinen og Discoteca Flaming Star har laga sin eigen algoritme der dei ved hjelp av psykologi og semantiske felt, har utvikla ein assosiasjonsteknikk.

– Vi har møtt menneske som veit noko om finanskrise, vi har gitt dei orda Dark pool og finanskrise, og bedt dei assosiere med andre ord som er knytt til dette feltet. Ideen er at istadenfor å snakke direkte om Dark pools, vil vi vise kva ord dette begrepet blir assosiert med. Deretter har vi skrive fiktive tekstar ut fra orda vi har fått frå ekspertane på finans. Orda har blitt til 36 tekster, meir som små noveller. Det har oppstått eit artig fiktivt univers. Til performancen i Venezia har vi laga eit utval av femten korte tekstar.  Dei handlar blant anna om sex, sjukdommar og tenåringsbarn.

– Men ikkje om finanskrisa?

– Jo, dette er absolutt ein performance om finanskrisa. Vi skal lese utvalet av tekstar vi har skrive. Wolfgang Mayer frå Discoteca Flaming Star skal vere ein gylden Goldman, han gestaltar ein form for fiksjon. Vi har også invitert Brett Scott (red.mrk: tidlegare aksjemeglar, forkjempar for openheit i aksjehandel, og mellom anna spaltist i The Guardian, Wired og New Scientist) til å halde ei forelesning inni performancen, seier Jacobi. I tillegg deltar trommeslagaren superheavymetal alias Kim Åge Furuhaug, fra Bergen i den to timar lange performancen.

Vil kommunisere emosjonelt

Frans Jacobi fortel av han gjennom sitt virke som kunstnar har prøvd å skape politisk kunst på forskjellige vis.

– Det er vanskeleg å gjere politisk kunst, for ein kan lett bekrefte allereie eksisterande haldningar. Eg har prøvd å lage propagandakunst, men det rykka ingens posisjon, dei som allereie var einige med meg jubla, medan dei andre avviste kunsten, smiler Jacobi.

Gjennom Synsmaskinen prøver dei å finne måter der det skjer noko anna enn det folk forventar.
– Journalistar snakkar i medienes språk, vitskap i vitskapens språk, medan kunstnaren kan snakke i eit poetisk språk, eit kunstverk kan opne opp for emosjonell kommunikasjon. Det vi gjer er å leite etter ein måte å snakke om politiske emne som kommuniserar emosjonelt. Vi vil ikkje slå inn allereie opne dører men få menneske til å tenke uavhengig av politisk ståstad.

Det store i det lille

Når Synsmaskinen viser fram og problematiserer eit fenomen som Dark Pools har dei altså ikkje noko bestemt oppfatning om kva reaksjonar dei vil oppnå.

– Vi ønsker å vise at globalisert økonomi og kultur heng saman. Det gjer også dei ulike krisene. Og gitt kor intrikate slike strukturar som til dømes finansmarknaden er, kan ein måte å møte krisa vere å studere nokre element som har bidradd til krisa. Det er det vi prøver med Dark Pools. Slik kan Dark pools sjåast på som eit symptom på finanskrisa, eller eit symbol på krisa, ein kontemplasjon over krisa, eller er det kanskje ein måte å gripe inn i krisa?

Jacobi streker under at vi deltek alle, både rike og fattige, i den abstrakte digitaliserte økonomien. Vi er alle saman påverka av den.

– Den samme type abstraksjon påverkar også andre område av liva våre. I vår fiksjon blir livet så og seie levd i skyggen av den digitaliserte økonomien. På den måten kan ein kunstnarisk framstilling av desse problema gje ein annan og breiare forståing av økonomiens konsekvensar enn ein økonomisk eller vitskapleg tilgang til det samme stoffet.


Alt er bunde saman

Jacobi meiner det interessante i Synsmaskinens arbeid med dei forskellige krisene har vore erkjennelsen av at dei er forbundne.

– Ein kan sjå på det som ei stor uoverskuelig krise som kjem til uttrykk på ulike måtar. Vi undersøker forskjellige manifestasjoner av denne krisa og prøver å bruke dei som augeopnarar; som visuelle og symbolske manifestasjonar, som kan få folk til at tenke annleis på, føle og sanse komplekse problemstillinger. Nokre av prosjekta er poetiske og filosofiske, medan andre er meir direkte politiske og agiterande aktivistiske.

– Utfordringa med Synsmaskinen er å få samla arbeidet vi har gjort om dei sju ulike krisene. Kunstnerisk forskning er ein annan måte å nå ut. Det er er direkte fokus på innhald og mindre fokus på form og formelle kunst-detaljar. Vi håper at slik kan ein nå eit anna publikum og at Synsmaskinen kan få folk til at forholde seg aktivt til dei politiske krisene, dei uansett er påverka av og ein del av.