Hjem
Aktuelt
Nyheter

17. mai er det 100 år sidan avdukinga av Bjørnsonstatuen

«Ikke se på ham, han er forferdelig», skal Bjørnsons enke ha sagt då statuen blei avduka framfor eit tettpakka publikum ved DNS i Bergen.

Avduking av Bjørnsonstatuen 1917
17.mai 1917: Bjørnsonstatuen blir avduka.
Foto/ill.:
Atelier K. Knudsen. Billedsamlingen, UB Bergen.

– Reaksjonane på avdukinga i 1917 er nok blant dei mest morosame. Her kom bergensarane sitt lynne kraftig til syne, seier universitetsbibliotekar ved UiB og forfattar av boka «En velsignet søttendes», Bjørn Arvid Bagge.

1917 var på mange måtar eit spesielt år for 17.mai feiringa i Bergen, fortel han. Bykjerna låg i ruinar etter den store bybrannen året før, det var det siste året der borgarskapet og arbeiderklassen var samla i 17.mai-feiringa, og ikkje minst var det eit år via til dei mange tusen sjøfolka som blei torpedert av tyske ubåtar under 1.verdskrig. 1917 var også året då Bjørnson skulle markerast.

Ni besvimte under avdukinga

Ei høgtidleg offisiell feiring av nasjonaldagen blei planlagt, og hovudattraksjonen var avdukinga av den karakteristiske statuen av Bjørnson i rask gange, laga av Gustav Vigeland.

Ifølgje Bergens Aftenblad var trengselen under avdukinga så stor at ni personar besvimte og fall om. Reiar og stortingsmann Johan Ludvig Mowinckel heldt den store avdukingstalen der Bjørnson blei rosa for kampen for eit fritt Norge, før talen blei avslutta med orda: « Lad saa dækket falde, idet vi hilser Bjørnsons Minde med et kraftig Hurra.»

«Klumpete og uten skjønnhet»

Ifølgje Bergens Aftenblad var publikum begeistra då det svarte dekket blei trekt av, og Bjørnson-statuen kom til syne:«den spænstige skikkelse stod der til alles tilfredshed», skreiv avisa.

– Publikum var nok ikkje utelukkande einige i at dette var ein vakker statue, seier Bagge.

– Andre kunstkritikarar meinte statuen var «klumpete og uten skjønnhet», men han fekk også ros for å vere «et ytterst karakterfullt arbeide» frå andre hald. Ordførar i Bergen Einar Greve, takka Vigeland for at han «paa en slig genial Vis har givet os vor kjæreste digter tilbage».

Blant publikum denne dagen var Karoline Bjørnson, Bjørnson si bergenskfødte enke. Ifølgje enkelte skal ho ha ordlagt seg i mindre rosande vendingar om statuen av den avdøde mannen: «Ikke se på ham, han er forferdelig», skal ho rysta ha sagt til sidedama og forlatt avdukinga.

«Jagu e’ han i farten, men han kommer no ikje a’ flekken allikevel»

Bergens Tidende refererte i etterkant fleire reaksjonar frå tilskodarane denne dagen. Ein skal ha sagt: «han ser ut saa han ve spelle pikkelisten rundt teateret» (eit spel der ein sparkar på ein pinne). Ifølgje Bagge kom ein annan, etter å ha vegd orda sine nøye og samvittigheitsfull, med følgjande replikk: «Jagu e’ han i farten, men han kommer no ikje a’ flekken allikevel.» 

– Det var mykje gode kommentarar knytta til dette, og akkurat like mange då Christie-statuen blei avdekka i 1868. Bergensarane er like seg sjølv, så lenge det er noko som er plassert sentralt i bybildet, blir det oppslag og debatt. Det syner vel at det er ei genuin interesse for kva som sker i byen, eller kanskje det berre er nysgjerrigheit, alle skal i alle fall kunne uttale seg.

– Replikken som nok blir hugsa best, speler på at statuen ser ut som at han er i bevegelse, fortel Bagge og siterer: «Mykje har han skrevet – og godt har han skrevet, Men denne gangen har han forskrevet seg».