Hjem
Aktuelt
Nyheter

NHO: - Nye UiB-fag avgjerande for næringslivet

Studentar ved UiB sitt nye sivilingeniørstudium "Havbruk og sjømat" fortalte om sine erfaringar og forventningar under eit møte med NHO-direktør Kristin Skogen Lund.

Lars Thomas Unneland Larsen og Karianne Kamlund
Foto/ill.:
Britt Kristin Ese

- Me forventar at studiet følgjer utviklinga i næringa,og at næringa held fram med å syne interesse for oss som studentar, sa Lars Thomas Unneland Larsen og Karianne Kamlund i sine presentasjonar på møtet mellom UiB og NHO, 19.mai.

Dei er er to av studentane i det fyrste kullet på det nye sivilingeniørstudiet Havbruk og sjømat ved UiB. Eit studium som har vore etterspurt av næringslivet, og som kombinerer biologifag med fag som økonomi, entreprenørskap og teknologi.

- Viktig satsing

NHO-direktør Kristin Skogen Lund la vekt på at havbruk-og sjømatnæringa treng folk som nettopp tenker tverrfagleg.

- Me treng folk i denne næringa som forstår teknologien, biologien, leiing og dei økonomiske aspekta. Det var veldig moro å sjå den heilskapstilnærminga som ein legg opp til her, og å få eit innblikk i korleis ein satsar på å samle kreftene rundt havbruk og sjømatnæringa.

Studium som dei nye sivilingeniørstudia er heilt avgjerande for norsk næringsliv, meiner Skogen Lund.

- Her er ein opptatt av eit sterkare samspel med næringslivet, og det er jo dette me må bli betre på. Det krev også noko av næringslivet. Me må bli flinkare til å stille med praksisplassar, og sørge for at me bidreg.

Dialog mellom arbeids-og næringsliv

På møtet 19.mai presenterte UiB-leiinga ei breidde av aktivitetar for NHO. Forutan den marine satsinga, fekk Skogen Lund eit innblikk i klyngekonsepta og Kina-satsinga til universitetet.

- Me har snakka gjennom ei rekke aktivitetar i dag, mellom anna moglegheita for å studere rettsvitskap og samstundes få kunnskap om det kinesiske rettssystemet og det kinesiske samfunnet. Me har drøfta klyngekonsepta og fått snakka om arbeidskraftsbehovet i åra som kjem. Det er viktig for oss å ha ein god dialog med arbeidslivet og næringslivet, som skal ta imot studentane våre, sa Olsen.

Skogen Lund trekte også fram Kina-satsinga, som viktig for næringslivet framover.

- Det var moro å høyre at UiB satsar ekstra mykje mot Kina. Eg trur det kjem stor aktivitet der framover, så det er veldig viktig at ein er offensiv og på hogget med å posisjonere seg der. Eg ser ein stor entusiasme for å samarbeide tettare med næringslivet, og gjere seg relevante i forhold til dei samfunnsutfordringane og moglegheitene me har framover, sa Skogen Lund.