Hjem
Aktuelt
Nyheter

I spissen for digital satsing

På Media City Bergen skal DigUiB lærings- og formidlingslab stå i spissen for Universitetet i Bergen si satsing på digital formidling.

Innflytting i Media City Bergen
Prosjektleiar Kjell Øvre Helland med (t.v.) mediaingeniør Magnus Ellingsgard Øverli frå Kommunikasjonsavdelinga og overingeniør Anders Myren frå IT-avdelinga.
Foto/ill.:
Ole Marius Kvamme

Hovedinnhold

- Kjernen i vårt arbeid er å bidra til ny og innovativ undervisning og forskingsformidling på UiB, seier prosjektleiar Kjell Øvre Helland.

Han skal leie lærings- og formidlingslab på MCB, som er eitt av tre prosjektområde for DigUiB.

Tverrfagleg

Onsdag flytta dei tilsette på lærings- og formidlingslab over til den nye medieklynga i Lars Hillesgate. I UiB-kontora på Media City Bergen vil ein etterkvart finne 14 tilsette frå Kommunikasjonsavdelinga, Universitetspedagogane, gruppe for læringsstøtte frå Studieadministrativ avdeling, UiB Vidare og IT-avdelinga. Dei er kjernen i teamet som skal jobbe med utvikling av digital undervisning og formidling ved UiB.

Avdelinga har og fleire kontorplassar for andre UiB-tilsette, i tillegg til møte- studie- og kursrom.

To ph.d.-kandidatar skal bli rekruttert, i tillegg til ein lærling innan mediegrafikar-faget. Ved semesterstart er også 220 UiB-studentar frå seks studieprogram klare til å innta dei flotte undervisningslokala i bygget.

Digital satsing

Laben skal mellom anna halde kurs, samt utvikle, teste og implementere nye verktøy og kanalar for digital undervisning og formidling. I tillegg er eit fokus å legge til rette for godt samarbeid mellom dei ulike fagmiljøa på UiB og klyngepartnarane i Media City Bergen.

- Vi vil gjerne invitere dei ulike fagmiljøa på universitetet inn til oss på MCB. Vi kjem sjølve til å ta kontakt med ulike miljø, men det skal også vere lav takhøgd for fagmiljøa til å ta kontakt med oss her på bygget, seier Øvre Helland.

- Kan du gje døme på korleis laben kan hjelpe dei ulike fagmiljøa?

- Eit konkret døme kan vere om eit fag har ei undervisningsform som er svært tung på tekst. I slike tilfelle vil vi gjerne invitere til dialog med fagmiljøet om korleis ein kan gjere undervisninga meir dynamisk. Til dømes kan vi utvikle interaktive løysingar som aktiviserer studentane i større grad, seier Øvre Helland.

Han fortel vidare at laben allereie i dag er involvert i fleire slike samarbeid, og mellom anna bistår med lyd til undervisning, nettsider, forelesingsopptak, og videoar som støttar opp under forsking og formidling. Eit anna eksempel er å utvikle grafiske løysingar til bruk i undervisning og formidling av forsking. I tillegg vil laben ha tett kontakt med medieutdanninga som no tek til i MCB.

Vil bli betre kjent

- I første omgang ønsker vi at ulike fagmiljø og undervisarar skal bli betre kjent med oss, så dei veit kva tilbod som er her. Så vil vi kunne diskutere vidare kva løysingar som er best for kvar enkelt, fortel han.

Sjølv om DigUiB lærings- og formidlingslab produserer sjølvstendig materiale, er det altså eit viktig mål å trekke fagmiljøa inn i laben, for at forsking og undervisning på UiB skal stå godt rusta i den digitale samfunnsutviklinga også i åra framover. Ambisjonen er at DigUiB skal vere leiande på nye og innovative digitale lærings- og formidlingsformer, og vere leiande i Noreg på digital formidling innan år 2022.

- For å nå måla er det både viktig å vidareutvikle tilboda vi har i dag, og å bringe fram fleire gode tenestar som fagmiljøa har nytte av og som dei ønsker å ta i bruk. Vi ønsker slik å vere ei «hjelp til sjølvhjelp», der vi ikkje nødvendigvis produserer innhaldet, men er ein katalysator for utvikling i dei ulike fagmiljøa, fortel Øvre Helland.

Gode partnarar

Som del av MCB-nettverket, er laben ideelt plassert for å vere i spissen av den digitale utviklinga, samt legge til rette når det gjeld kontakt mellom ulike fagmiljø på universitetet og samarbeidspartnarane i klynga.

Øvre Helland fortel at UiB allereie har fleire konkrete samarbeidsprosjekt på gang. Til dømes jobbar ein med grafiske løysingar og verktøy for videoredigering i samarbeid med Vizrt, og har ein avtale om å leige profesjonelt studio til eigne produksjonar hos TV2. Universitetet er i tillegg i samtalar om samarbeid med NRK om deling av innhald. Målet er å utvikle konkrete samarbeidsprosjekt med alle dei andre aktørane i medieklynga.

- Samarbeid, nytenking og omstilling er nøkkelord for både UiB og mediebransjen for å lukkast i framtida. Vi ser store moglegheiter gjennom samarbeidet i Media City Bergen, seier Øvre Helland, som igjen oppmodar fagmiljøa om å ta kontakt med laben, gjerne for ein uformell samtale om ulike løysingar.