Hjem
Aktuelt
Digital myldredag

UiB er i front for digitalisering

– Kunnskapsdepartementet understøtter arbeidet som alt er godt i gang ved UiB, seier rektor Dag Rune Olsen. Digital myldredag 4. oktober vil vise nokre av prosjekta.

Illustrasjonsfoto: Et mobilkamera fotograferer tegninger på en tavle
Foto/ill.:
Hjørdis Maria Longva

UiB er i front når det gjeld utvikling av nye og avanserte digitale løysingar. I tillegg tek ansette og studentar stadig i bruk nye administrative system og verktøy, og nye løysingar implementerast fortløpande. 

– Digitalisering er ei viktig satsing for oss, og den nye strategien til Kunnskapsdepartementet understøtter arbeidet som alt er i gong ved UiB, seier rektor Dag Rune Olsen.

Institusjonen husar mange prosjekt – frå det altomspennande administrative, til spesifikke prosjekt rundtom på institutt og fakultet.

– Eigentleg er UiB i forkant. Vi vedtok ein digitalstrategi for snart eitt år sidan, og det er eit kontinuerleg fokus, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

– Læringslaben er ein viktig del av dette, det er viktig med nye undervisningsformer. Vi er i forkant av staten, og i front for sektoren.

Digital myldredag 4. oktober

UiB sine digitaliseringsprosjekt delast inn under fem faner, alle med sin måte å gripe inn i kvardagen på: Gjennomgåande digitalisert infrastruktur, brukarorienterte digitale tenester, eit digitalet inviterande universitet, eit administrativt sjølvbetjent universitet, og ein kultur for endrings- og gjennomføringsevne.

Det er fine ord, men for å vise fram kor konkrete prosjekta er inviterast alle ansatte til ein digital myldredag den 4. oktober, som skal vise breidda i prosjekta – frå alle nivå av universitetet.

– Strategien gjer det enklare å opprettehalde entusiasmen, men det er ikkje naturgitt at alle skjøner ordet «digitalisering». Så dette er ein fin måte å få vist det fram på ein visuell måte.

Alle eksamenar som er digitaliserbare er blitt digitalisert hausten 2017. Det neste steget for UiB er arbeid med programvare for matematiske formlar og grafikk på eksamen. Ein konsulentrapport kom fram til at dei digitale eksamenane på UiB frigjorde 10-12 årsverk.

På veg mot skyene

– I makroperspektiv er digitaliseringa og robotisering gjennomført i industrien, og neste steg er no forvaltninga, seier Bernstrøm.

Han viser til digitaliseringsstrategien for høgare utdanning i Noreg, men også på det nylege digitaliseringsrundskrivet for heile den offentlege sektoren som blant anna peikar på fornuftige sourcingstrategiar, og fornuftig bruk av skytenester. Sistnemnde vart vedteke også i UiBs digitaliseringsstrategi.

– Det er ikkje sikkert vi har serverhallar om fem år, seier Bernstrøm.

I november inviterar UiB i samarbeid med Norgesuniversitetet til ei konferanse om digitalisering innan høgare utdanning

– Den nasjonale digitaliseringsstrategien understrekar kor viktige grepa vi har tatt er, og gir oss ny drakraft på vegen mot det som er universitetets overordna mål, også i digitaliseringsarbeidet: høg studiekvalitet, aktiv læring og framifrå forsking, seier Dag Rune Olsen.