Samla over 1000 besøkande til digital myldredag
UiB viste fram ei rekkje av digitaliseringsprosjekta på UiB i Grieghallen.
Hovedinnhold
– Vi skal snakke mykje om to tal i dag: 0 og 1. Nettopp 0 og 1 er dei som har størst påverknad på kvardagen vår. Digitalisering er viktig, og dei siste åra har UiB brukt digital kapasitet i første rekke, sa rektor Dag Rune Olsen då han ynskte velkomen til digital myldredag den 4. oktober.
Spennvidda i prosjekta strakk seg frå undersjøiske og utomjordiske droner til effektiviserande system for økonomi, frå nye og spennande undervisningsformer til arkivering av data, språk, og bilete. Gjennom dagen vart over 1000 besøkande samla i Grieghallen for stands, miniforedrag og utprøving av prosjekt og verktøy.
Sjå eit utvalg av bileta i toppen av saken, eller fleire bileter i vårt Flickr-album.
UiB sine digitaliseringsprosjekt delast inn under fem faner, alle med sin måte å gripe inn i kvardagen på: Gjennomgåande digitalisert infrastruktur, brukarorienterte digitale tenester, eit digitalet inviterande universitet, eit administrativt sjølvbetjent universitet, og ein kultur for endrings- og gjennomføringsevne.
– Strategien gjer det enklare å opprettehalde entusiasmen, men det er ikkje naturgitt at alle skjøner ordet «digitalisering». Så dette var ein fin måte å få vist det fram på ein visuell måte, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.
Tilbakemeldingar til digital myldredag kan sendast på e-post til org2022@uib.no.