Ny rapport gir svar om fråfall i høgare utdanning
UiB har tatt nasjonalt ansvar for å sikre kunnskap om kva som skjer når studentar sluttar.

Hovedinnhold
For fyrste gong får norske universitet og høgskular innsikt i kva som skjer når studentar sluttar ved institusjonen: Flyttar studentar til andre lærestadar, eller fell dei ut frå høgare utdanning?
- UiB har lenge sett behovet for å sikre kunnskap på dette området, og har no gjort ein jobb for sektoren for å få dette på plass. Rapporten gjev oss verdifull informasjon om kor tid det er spesielt viktig å følgje opp studentane best mogleg, for å få flest mogleg til å fullføre ein grad, seier viserektor for utdanning ved UiB, Oddrun Samdal.
Høgare snitt hos UiB
Den nye rapporten «Analyse av studentflyt og sektorfrafall i høyere utdanning i Norge» er utarbeida på oppdrag frå UiB, og syner mellom anna kor mange studentar som fullfører ein grad ved dei ulike utdanningsinstitusjonane.
Analysane syner at 63,6 prosent av studentane som starta på eit 3-årig bachelorprogram hausten 2010, oppnådde ein grad.
Av studentane som starta utdanninga si hos UiB, oppnådde 63,2 prosent ein bachelorgrad, enten hos UiB eller ved ein annan utdanningsinstitusjon. Gradsoppnåelsesandelen til UiB er høgare enn hos UiO, NTNU og UiT.
Dette er godt nytt for UiB, seier avdelingsdirektør ved Studieadministrativ avdeling, Christen Soleim.
- Det er gledeleg at over halvparten av studentane som startar utdanninga hos UiB, oppnår ein grad hos oss. Det er også eit høgare snitt enn for UiO, NTNU, UiT og UiB samla.
- I tillegg har dei som fell ut av sektoren frå UiB avlagt fleire studiepoeng hos oss, i snitt 57. Det er tett opp mot eitt års fulltidsstudium. Dei som fell ut er altså produktive studentar, og difor blir det viktig å få kunnskap om planen deira var å ta ein heil grad då dei starta studia, seier Soleim.
Nesten ein fjerdedel fell ut frå høgare utdanning
Det er færre UiB-studentar som fell ut frå høgare utdanning enn hos resten av sektoren. 17,7 prosent av studentane ved UiB sluttar, utan å gå over til ein annan utdanningsinstitusjon.
Det samla fråfallstalet for alle institusjonar som gir høgare utdanning er på 23,8 prosent. Dette er eit tal me må ta på alvor, seier Samdal.
- Når nesten ein fjerdedel av studentane som begynner å studere i sektoren ikkje oppnår ein grad, må me som utdannar spørje oss: Har me gjort ein god nok jobb i rekrutteringa for å formidle kva det vil seie å ta ei høgare utdanning, og har me gjort ein god nok jobb i oppfølginga av studentane undervegs i studiane deira?
- Sjølv om fråfallstala for UiB er betre enn for sektoren samla, må også me sjå både på rekrutteringsarbeidet og studietilbodet vårt. Rapporten understrekar behovet for tett oppfølging, både i form av karriererettleiing, praksis i utdanninga, mentor-oppfølging og gode sosiale støttestrukturar. Dette er spesielt viktig tidleg i studieløpet, då det meste av fråfallet skjer, seier Samdal.
- Godt utgangspunkt for betre oppfølging
Noko av bakgrunnen for at UiB tok initiativ til rapporten, var innføringa av det nye finansieringssystemet i 2017. Med dei nye føringane går no utteljinga for avlagt grad til institusjonen som tildelte graden, sjølv om studenten har tatt deler av utdanninga ved andre institusjonar.
Rapporten syner at studentane tek mesteparten av utdanninga si ved institusjonen der dei fullfører graden. Dei som går over til ein annan utdanningsinstitusjon, gjer i stor grad dette tidleg i studieløpet. Etter to semester har rundt 70 prosent av studentane som skiftar lærestad, gjennomført skiftet. Det er difor rimeleg at institusjonen som tildeler graden, får utteljinga, meiner Samdal.
- Det har vore eit spørsmål for institusjonane om kva økonomiske følgjer det nye systemet vil få, men me har vore opptatt av problemstillinga før kandidatfinansieringa kom.
- Med resultata frå rapporten handlar det no mest om å lære om vår eiga oppfølging av studentar. Viss studentane som forsvinn frå oss ikkje fullfører, kan det vere uttrykk for at me må gjere endringar. At dei flytter til ein annan lærestad er underordna, sjølv om det sjølvsagt inneber eit økonomisk tap for den enkelte institusjonen. Med denne rapporten har heile sektoren fått eit godt utgangspunkt for å jobbe vidare med å styrke oppfølginga og rekrutteringa, og slik sikre at flest mogleg fullfører ein grad, seier Samdal.