Hjem

Aktuelt

Nyheter

Kan revolusjonere korleis helsevesenet jobbar

NMR-plattformen håpar å kunne forutsjå kreft og stoffskiftesjukdomar – om dei berre får nok data.

Jarl Underhaug, førsteamanuensis ved kjemisk institutt og fagansvarlig ved den norske NMR-plattformen ved UiB, viser fram kolbene som NMR-spektrometeret analyserar.
Jarl Underhaug, førsteamanuensis ved kjemisk institutt og fagansvarlig ved den norske NMR-plattformen ved UiB, viser fram røra som NMR-spektrometeret analyserar.
Foto:
Andreas H. Opsvik

– Har du pacemaker? spør Jarl Underhaug, førsteamanuensis ved Kjemisk institutt.

Bak ei glasdør like framfor oss står det nye 600 MHz-spektrometeret, sjåande ut som noko teke rett frå ein science fiction-film. Det er store krefter i sving, her blir elektromagnetiske felt nytta for å analysere strukturen til molekyl. Og om du ikkje har pacemaker kan du få ta ein nærare kikk.

Store investeringar

Underhaug er fagansvarleg i NNP, den norske NMR-plattformen, som held til i nyinnvidd hus på Marineholmen. For eitt år siden blei 850 MHz instrumentet som står i samme rom installert. Dette kosta 20,5 millioner og vart betalt av Forskningsrådet. Det nye 600 MHz instrumentet har ein prislapp på 12,6 millioner, og er mulliggjort ved gåver på 4 millionar frå Trond Mohn-støtta Bergens forskningsstiftelse, 3 millionar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, medan UiB sjølv støtta av Helse Bergen har betalt resten.

Totalt er det brukt 33.1 millioner til innkjøp av nye instrument her, noko som kan få store positive ringverknader for tidleg diagnostisering av sjukdomar.

Kan endre folks helse

– Dette kan revolusjonera helsevesenet, seier prosjektleiar Olav M. Kvalheim, professor ved Kjemisk institutt om potensialet i den multivariatanalysa av data ein kan få frå desse instrumenta.

– Ein får meir automatiserte og objektive metodar, du blir ikkje avhengig av ein spesiell behandlar. Resultata leggast i modellar, og du vil få mykje meir detaljerte beskrivingar, slik at du får riktigare diagnoser.

Han skildrar overgangen frå dei fire markørane som nyttast i dagens kolesterolundersøkjingar, til over 30 med spektrometerprøvene, som å gå frå moglegheita til å sjå ulike blodtypar til å studere DNA.

Studentar skal arbeide tett på nytt utstyr

Analyse av prøver som dette kan nyttast til å finne tidlege markørar for kreft og stoffskiftediagnoser som Føllings sykdom. Nyfødde vert for tida sjekka for rundt 20 sjukdomar. Med spektrometera kan dei sjekkast for langt fleire, med berre éin prøve.

– Dette blir eit datasett som tek absolutt alt. Om ein berre måler blodsukker blir det overkill, seier Underhaug.

– Dette er framtidas medisin! Vi håper det blir ein større del av rutineundersøkingar, seier førsteamanuensis Tarja R. Kvalheim.

Ho er leiar for prosjektet Fjordomics, eit prosjekt hjå Helse Førde (HFD) i samarbeid med blant andre UiB, Høgskulen på Vestlandet, NTNU og Universitetet i Amsterdam. Målet for Fjordomics er å utvikle objektive og presise metodar for tidleg oppdaging av risiko for utvikling av sjukdomar for å starte førebygging og metodar, som kan hjelpe til å velje rett behandling tilpassa enkeltpasientar.

Tarja Kvalheim er òg ansvarleg for grunnkurset i det nyopna sivilingeniørprogrammet for Medisinsk teknologi. Studentane skal arbeide tett på det nye utstyret, både på bachelor, master og doktorgradsnivå.

– Det er ikkje noko poeng med maskinene om vi ikkje også utdannar forskarar til å bruke dei, seier Olav M. Kvalheim.

Ein ønskedraum

Rundt 30 000 prøver per år kan køyrast gjennom denne maskina, som automatiserar prosessen i større grad enn dei eldre maskinene den erstattar. 

Maskina er skreddarsydd for metabolomikk – undersøkjinga av metabolittar, nedbrytsstoffa i kroppen i blod, urin og andre kroppsvæsker – sjølv om den også vil bli brukt til undersøkjingar av t.d. oljer, naturprodukt, og andre kjemiske og biologiske forbindelsar.

I eit prosjekt vart blodprøver frå alle 10-åringar i Sogn og Fjordane analysert, og det er den typen data dei håper å få kunne samle inn med maskiner som dette.

– Livsstilssjukdomar som fedme, fleire stoffskiftesjukdomar. Ei forskargruppe i Danmark klarte å predikere brystkreft med blodprøver allereie to år før det hendte. Mykje i kroppen har med metabolisme å gjere, seier Kvalheim, som no har eit ønske om å gå i gang med den enorme kartleggjinga som krevs for å få fullt utbytte.

– No er det «berre» å skaffe prøvar.