Hjem
Aktuelt
Nyheter

Millionar til unge UiB-forskarar

Forskningsrådet gir prosjektstøtte til tre unge forskartalent ved UiB.

Elisabeth Flo, Georg Picot, Nils Halberg
UNGE FORSKARTALENT: Elisabeth Flo, Institutt for klinisk psykologi; Georg Picot, Institutt for sammenliknende politikk; Nils Halberg, Institutt for biomedisin.

- Det er ein spennande moglegheit. Eg er ekstremt glad for at Forskningsrådet gjer det mogleg for meg å gjennomføre dette, seier Georg Picot frå Institutt for sammenliknende politikk.

Han er ein av tre unge forskartalent ved UiB, som får millionar i fri prosjektstøtte frå Forskningsrådet, til prosjekt med oppstart i 2018.

Picot har fått støtte til prosjektet «Bringing in the state: The politics of wage regulation and low-wage employment», der han vil undersøke kva tiltak statar brukar mot lågtløna arbeid.

- Dette blir det første større prosjektet eg leier, og det vil hjelpe meg å etablere UiB som eit senter for banebrytande komparativ forsking på arbeidsmarknadpolitikk, seier Picot.

Forskar på lysterapi for demente pasientar

Forskningsrådet deler totalt ut nærmare ein milliard kroner i Fri prosjektstøtte (FRIPRO) til 113 prosjekt som startar opp i 2018.

For forskarar som er tidleg i karrieren, blir det delt ut unge forskartalent-støtte og mobilitetsstipend. Tre unge forskartalent og to mobilitetsstipend er tildelt UiB-forskarar.

Elisabeth Flo ved Institutt for Klinisk psykologi får støtte frå FRIPRO Unge forskertalent til prosjektet «Exploring new and optimal light conditions to improve cognition, mood and health in people with dementia».

- Målet er å undersøke korleis lys påverkar kognisjon, humør og døgnrytme hos personar med demens, og å overføre desse funna til ein klinisk samanheng, seier Flo.

Dette vil forskarane gjere ved å teste dei umiddelbare effektane av grønt, blått og raudt lys på kognitiv yting hos personar med demens, og på emosjonell persepsjon, samt teste korte og langsiktige effektar av lysterapi på søvn, og adferdsmessige og psykologiske symptom på demens hos heimebuande eldre med demens.

- Prosjektet er krevjande både med omsyn til behov for personale og for bruk av programvare og utstyr. Utan desse midla ville ikkje prosjektet vere mogleg å gjennomføre, seier Flo.

Korleis er overvekt kopla til kreft?

Nils Halberg ved Institutt for biomedisin får støtte til prosjektet: «Cellular Mechanisms for the Malignant Exploitation of the Altered Metabolic Landscape in Obese Hormone Receptor Negative Breast Cancer»

- Det er foreløpig anslått at 15-20% av kreftrelaterte dødsfall kan sporast tilbake til overvekt. I løpet av dei siste to åra har gruppa mi gjort dei første stega mot å identifisere den moglege årsaka til denne forbindelsen, seier Halberg.

- Med støtta frå Forskningsrådet vil me kunne fortsette dette arbeidet. I prosjektet vil me fokusere på vegar i kreftcella som er regulert av fedme, og som potensielt kan utnyttast for å utvikle nye terapeutiske moglegheiter for overvektige pasientar med kreft.

Fleire prosjektmidlar til UiB

Friederike Fröb ved Geofysisk institutt og Veronica Kucharova Pettersen ved Klinisk institutt 2 får begge mobilitetsstipend frå Forskningsrådet.

I tillegg får fem etablerte UiB-forskarar forskerprosjekt-støtte innan medisin, helse og biologi (FRIMEDBIO) og humaniora og samfunnsvitenskap (FRIHUMSAM). 

Tildelingane for FRIPRO Toppforsk til godt etablerte forskarar kjem på nyåret.