Hjerneforsker Hugdahl om forskjellen på vitenskap og forskning
Intervjua om korleis forskninga hans på hørselshallusinasjonar starta, og korleis han håpar å ta det vidare.

Hovedinnhold
Hjerneforsker Kenneth Hugdahl er intervjua om si interesse for hørselshallusinasjonar, om støtta frå det europeiske forskningsrådet (ERC), og kvifor god vitskap av og til må ta litt tid, for den europeiske forskningsbloggen til nettverket Vision2020.
Det første prosjektet han fekk ERC-støtte for, Voices, handla om hørselshallusinasjonar i til dømes schizofreni, og korleis dei påverkar hjernen. Kimen til det andre prosjektet On/Off fekk han som følgjer av det første prosjektet:
– Eitt stort ubesvart spørsmål gjensto, kvifor er ikkje desse hallusinasjonane konstante? Kvifor svingar dei over tid, startar og stoppar tilsynelatande spontant? Vi var så fokusert på kva som fekk dei til å starte, at vi ikkje hadde stilt oss det minst like viktige spørsmålet: kvifor stansar dei?
Skilnaden mellom «vitskap» og «forsking»
Eit av måla han håpar på er å finne ut dette, spesifikt korleis kjemien i hjernen endrar seg når nevrona får hallusinasjonane til å stanse. Slik håpar han at det kan utviklast nye behandlingar for å forlenge "fredstida" utan hallusinasjonar – etter kvart også kanskje medisinar som kan slå av hallusinasjonar og forhindre dei å byrje igjen.
Hugdahl er begeistra for ERC-ordningane og korleis dei jobbar nedanfrå og opp når det gjeld utvikling av ny kunnskap til verda.
– For ein gongs skuld følte eg det var et finansieringsprogram som gjorde distinksjonen jeg alltid har gjort, mellom "vitskap" og "forskning". Vi gjer ikkje ofte denne skilnaden fordi dei to synes å være synonyme. For meg handlar vitskapen om å ha ein idé først, seier Hugdahl.
– Utan dei første ideane hadde me ikkje endt opp med mykje kunnskap vi hadde kunne tilføye direkte til samfunnet, fordi vi ikkje hadde visst nok om mekanismane som skapar endringar eller fenomen i utgangspunktet.
Les resten av intervjuet hos Vision2020.