Hjem

Aktuelt

Jula

Romjula skulle bestemme korleis vêret vart det komande året

Vi hadde ikkje langtidsvarsel i gamle dagar – så då måtte det magi til.

Line Førre Grønstad synest dei gamle merkedagene er artige. Ellers forsker ho på menn som bytter til konens etternavn når de gifter seg
Line Førre Grønstad synest dei gamle merkedagene er artige. For tida er ho stipendiat, og forskar på menn som byter til kona sitt etternamn når dei gifter seg.

– Mange av merkedagane kjem frå den katolske kalenderen, seier Line Førre Grønstad, stipendiat i kulturvitskap.

Ho legg fram mapper med merkedagar arkivert hjå Etno-folkloristisk arkiv (EFA) ved UiB. Merkedagane var med på å organisere kvardagen og året. Dei var del av skikkar, eventyr, sagn og anna som vart samla inn av folkeminnesamlarar som Asbjørnsen og Moe frå midten av 1800-talet og utover. Samlinga i Bergen var det særleg folkloristen Torleiv Hannaas som sto bak.

– Merkedagane handla mest om kontroll, å organisere året og livet, og få ting til å gå rundt, seier Grønstad.

Mykje av dette er bondesamfunnets merkedagar – som like godt kunne minne folk på å få nok høy i hus, eller for den del hugse å lage øl. På Tomasmesse den 21. desember skulle til dømes det lovpåfesta juleølet ferdigstillast, og juleførebuingane vere ferdig av gamalt. I november var det også fleire dagar der ein skulle spare litt på maten – både for å ha nok til jula, men også for at julefeiringa skulle kjennast ekstra spesiell.

Jula er magisk, men ikkje nødvendigvis koseleg magisk

Dess nærare ein kom jula, dess meir magisk vart tida. Det mørke og dei underjordiske var aldri nærare enn midnatt på julaftan – og mykje av det som hendte desse dagane, skulle vise framtida på ein eller anna måte.

– Folk som ville vite kven sin utkåra var kunne setje seg i stova ved midnatt på julaften med ei skål med øl, mjølk og vatn framfor seg på bordet. Då skulle den utkåra kome inn. Dersom han – det var stort sett kvinner som gjorde dette – drakk av vatn-skåla, kom dei til å ha eit fattig liv. Om han drakk av mjølka vart ein verken fattig eller rik. Og om han drakk av ølet skulle det bli eit bra liv, forklarar Grønstad.

Akkurat ved midnatt skulle også alle bekkane bli til vin, og dyra byrja å snakke menneskespråk, men det var viktig at folk ikkje skulle sjekke dette. Avstanden til det skumle på denne tida av året var kort, og kva som hendte om ein ville finne ut om det stemte kunne bli kostbart. 

Det var også ei vanleg skikk å la julematen stå på bordet etter ein hadde ete måltidet. Huldrefolket, altså dei usynlege, ville også ha julemat – og måtte gledast. I tillegg såg ein for seg at eit skrint bord førte til eit skrint år.

– Og om mat fall frå bordet skulle ein ikkje sjå etter det. Det kunne vere det var nokon under bordet som ville ha maten, seier Grønstad.

Romjula bestemde vêret året etter

Visse dagar var spesielt viktige for vêret det komande året.

– Ikkje som vêrteikn, slik som «når svalane flyg lågt betyr at det blir regn» eller liknande, men som ei spegling av det komande året. Første juledag blir vêret som januar, andre juledag blir vêret som februar, og så vidare, seier Grønstad.

Ein treng ikkje vere meteorolog på Geofysisk institutt for å skjøne at desse ikkje nødvendigvis vil stemme overeins, men av og til vil det kanskje passe. Så kva skulda ein på om det ikkje skulle vere rett?

– Alt hadde ein orsak. Om det ikkje stemmer, så er det noko anna – underjordiske eller liknande som ikkje var nøgd med noko anna som hendte, seier Grønstad, og seier det var mange moglegheiter til å skulde på «feil» ein hadde gjort ellers i året.

– Kor alvorleg folk faktisk tok dette varierte nok frå person til person!

Men når skal du eigentleg rydde ut etter jul?

Etter jula må det ryddast, og av gamalt skal ein vente til tjuande dag jul – den 13. januar – med å rydde ut. Grønstad fortel at det ikkje berre var snakk om å vente med ryddinga, men også at ein skulle late vere å arbeide – især med verktøy som snurra, som spinning eller møller.

Nokre gjer derimot dette på trettande dag jul, den 6. januar. Grønstad seier dette kan kome frå bytet frå den julianske kalenderen til den gregorianske kalenderen i 1700 – som gjekk direkte frå 18. februar til 1. mars:

– Det ser ut som det handlar litt om skilnad i gamal og ny kalender, slik at merkedagane heng igjen både som den dagen det skulle ha vore på, og den nye dagen, som i prinsippet heiter det same, med visse tilpassingar. Dette er tilfelle med fleire av merkedagane som vart markert både på gamal og ny dato i folketradisjonen på andre tider av året også.

Merkedagsarkivet til Etno-folkloristisk arkiv vart sett saman av folkloristen Brynjulf Alver på slutten av 1960-talet. Han systematiserte det han fann av forteljingar om merkedagar mellom anna frå Norsk Folkeminnesamling ved Universitetet i Oslo. For tida legg Grønstad ut julehelsingar frå nissebrevsamlinga til EFA på Etno-folkloristisk arkiv si Facebook-side.

– Slike systematiseringar og kopieringar av materialet frå kollegaarkiva våre er på ein måte eldre tiders internett, seier Grønstad.