Hjem
Aktuelt
Nyheter

Ein fjerdedel har plukka plast etter plastkvalen

Ei ny undersøking frå Medborgerpanelet syner at 25 % av befolkninga har plukka plast det siste året. - Imponerande, seier forskar Endre Tvinnereim.

Plastrydding i strandsona
Undersøkinga syner at 3 % har delteke i organiserte aksjonar og 22 % på eiga hand.
Foto/ill.:
Per Vidar Raunholm

I januar 2017 blei ein kval funnen på Sotra, med magen full av plast. Funnet vekte stor oppsikt, og førte til eit enormt engasjement over heile verda. Utstillinga om kvalen gav besøksrekord på Universitetsmuseet, og plastkval blei eit av dei mest brukte nyorda i 2017.

No har Medborgerpanelet ved UiB spurt eit representativt utval av Norges befolkning om dei har delteke i aksjonar for å samle plast i naturen i løpet av dei siste 12 månadane, og om korleis dei deltok.

Resultata syner at ein fjerdedel har samla plast, enten på eiga hand eller organisert. 3 % har delteke i organiserte aksjonar og 22 % på eiga hand. 24 % svarte at dei ikkje har plukka plast, men at dei ønsker å delta.

- Det er ganske imponerande at så mange seier dei har samla plast. Det er jo alltid ting som er usikre rundt dei absolutte nivåa ein kan måle i slike undersøkingar, og me forskarar er difor ofte meir opptatt av kontrastane mellom deler av befolkninga, for eksempel at fleire eldre enn yngre plukkar. Men uansett er det ganske mange som har tatt del i denne dugnaden, seier forskar ved Uni Research Rokkansenteret og UiB, Endre Tvinnereim.

Flest eldre plukkar plast

Andelen kvinner som har svart ja i undersøkinga, er litt større enn andelen menn.

Det er signifikant fleire eldre som samlar plast, samanlikna med dei under 29 år. 33 % av dei spurte over 60 år har plukka plast dei siste 12 månadane, medan talet for aldersgruppa 18-29 år er 13 %.

Det er på Sørlandet dei fleste svarar at dei har plukka plast. 34 % av dei spurte frå Sørlandet svara ja på spørsmålet frå Medborgerpanelet. I Oslo/Akershus svarte 19 % ja, på Vestlandet var talet 29 %, i Trøndelag 30 % og i Nord-Norge 29%.

Vil følgje opp undersøkinga

Bakgrunnen for undersøkinga var at Medborgerpanelet oppdaga ei klar auke i kor mange som ville verne Lofoten, Vesterålen og Senja i løpet av 2017.

- Me lurte på kva dette kunne komme av. Ein teori var "plasthvalen" som stranda tidleg det året. Me hadde ikkje noko indikatorar på dette med plastforureining så me bestemte oss for å stille spørsmålet og sjå kor engasjert befolkninga var som heilheit. Det er jo også eit svært miljøproblem som er særleg relevant for kystnasjonen Norge, seier Tvinnereim.

- Veit ein noko om kor mange fleire som har plukka plast no, samanlikna med tidlegare?

- Nei, men om eit par år vil me kanskje sjå ein trend. Me tenker å stille dette spørsmålet med jamne mellomrom til dei same individa. Då får me gode data på utvikling over tid.